NRK Meny
Normal

13 til sjukehus: Slik ser bilen ut etter brannen

Alle som var i Fjærlandstunnelen då det byrja å brenne i ein feiebil seint måndag kveld, har tilbrakt natta på sjukehuset i Førde.

Feiebilen som bann i Fjærlandstunnelen

DAGEN DERPÅ: Feiebilen som tok fyr er heilt utbrent. Den blei taua ut på Fjærlandssida av tunnelen.

Foto: Jo Marius Bøyum

Tretten unge vaksne kom seg ut av tunnelen og blei sende til Førde sentralsjukehus med røykskadar.

Overlege

ALLE LETTARE SKADDE: Overlege ved Førde sentralsjukehus, Mona Skivenesåg Løvø, kunne natt til tysdag melde om at alle tretten var lettare skadde.

Foto: ODDLEIF LØSET / NRK

– Dei er lettare skadde og stabile. Det er snakk om røykskadar. Vi har tatt blodprøver og vurdert oksygeninnhald i blodet. Alle er lagt inn for observasjon over natta, seier overlege ved Førde sentralsjukehus, Mona Skivenesvåg Løvø.

Brannen starta i feiebil

Det blei meldt om brann i den 6,3 kilometer lange Fjærlandstunnelen mellom Jølster og Fjærland seint måndag kveld.

– Det byrja å brenne i ein feiebil som dreiv reingjering inne i tunnelen. Trafikken har blitt leia gjennom tunnelen med leiebil i samband med dette vegarbeidet då brannen oppstod, seier innsatsleiar Synnøve Domben til NRK.

– Veit ein noko om brannårsaka?

– Det er ukjent no, så det må den vidare etterforskinga finne ut av. 13 personar er frakta til sjukehus, og det er alle dei som var i tunnelen då det byrja å brenne.

Tunnelbrann pasientar på sjukehuset

MANGE PÅ SJUKEHUS: Førde sentralsjukehus blei sett i alarmberedskap. Alle som var i tunnelen blei eksponert for røyk.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nesten ny bil

Driftsleiar Eyvind Brynildsen i Asfalt Remix fortel at det byrja å brenne i deira feiebil.

– Såføren vår hoppa ut av bilen og sprang vekk i retning utgangen av tunnelen, fortel han.

– Kvar i bilen byrja det å brenne?

– Det har vi så langt inga formeining om. Brannen utvikla seg svært raskt, og det var berre å kome seg vekk, seier Brynildsen. Han fortel at lastebilen som byrja å brenne var ein Scania R 580 2015-modell.

– Bilen hadde det mest moderne utstyret og var nesten ny, seier Brynildesen. Han vil ikkje spekulere i kva som kan vere årsaka til brannen.

Tunnelbrann

HER STARTA BRANNEN: Feiebilen tok fyr inne i Fjærlandstunnelen.

Foto: Sogn brann og redning

Sjukehuset blei mobilisert

Helse Førde kalla inn ekstra mannskap i ambulansetenesta, AMK, akuttmottak, laboratoriet, sentralbord og kjøken. Også psykososialt kriseteam blei mobilisert.

– Vi har oppretta ein telefon for pårørande som er 57831700, seier Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef i Helse Førde, til NRK.

Situasjonen var uoversikteleg

Ein spylebil tok fyr éin kilometer inne i den 6,3 kilometer lange tunnelen frå Jølster-sida.

– Situasjonen var uoversiktleg. Personar sprang i alle retningar då brannen oppstod, seier Espen Rysjedal i Alarmsentralen.

Det var trafikkavvikling ved hjelp av leiebil med seks personbilar då brannen starta. Det var to spylebilar og ein feiebil som arbeida inne i tunnelen.

Brannmannskap frå både Jølster og Sogn var kalla ut. Det blir no gjort ettersløkking på staden.

– Det har vore ein utfordrande innsats for mannskapet med tanke på at betong fell ned frå taket, seier Vidar Trettenes, som er brannsjef i Sogn brann og redning.

Tretten personar er lettare skadde etter brannen i Fjærlandstunnelen på riksveg fem mellom Jølster og Sogndal.

DRAMATISK BRANN: Tunnelen er heilt sentral i sambandet mellom Møre og Romsdal og fylka sør i landet.

Uvisst kor lenge tunnelen vil vere stengt

– Her er det snakk om stor varme. Det var 500 liter diesel og 700 liter hydraulikkolje på feiebilen. Tunneltaket gir etter enkelte stader i tunnelen. Eg trur ikkje tunnelen vert opna att dei første dagane. Taket vil losne på grunn av varmen i fjellet, seier Rysjedal.

For brannmannskapet er det vanskelege forhold i den over 6000 meter lange tunnelen.

– Det er så og sei sløkt inne i tunnelen. No må mannskapet få røyken ut, seier Rysjedal.

Laster kart, vennligst vent...

NAUDETATANE PÅ VEG: Naudetatane er på veg til ein brann i Fjærlandstunnelen.