Hopp til innhold

– No er no pappa ein gamer sjølv, så dei synest det er heilt ok

BREIM (NRK): Tiril Sørdal (16) brukar mange timar i veka på dataspel. Men nokon konflikt med foreldra blir det ikkje for jenta frå den vesle bygda Stavang.

Tiril Sørdal på lan på Breim

DATAJENTER: Tiril Sørdal skulle eigentleg ha kioskvakt, men fekk god tid til å spele under datatreffet på Breim.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

– På måndagar spelar eg ikkje så masse. Men fredagar, laurdagar og sundagar går mesteparten av dagen med til speling, seier ho og fortel at favorittspelet er Overwatch.

Det at ho bur på ein liten plass der det skjer lite er litt av grunnen til at det går mykje i dataspel.

– No er no pappa ein gamer sjølv, så dei synest det er heilt ok.

Samlar mange unge

Denne helga var ho og nær 300 andre ungdomar samla til det tradisjonsrike datatreffet Blan på Breim i Nordfjord.

– Eg blei med ei venninne som skulle jobbe her som frivillig. Det er veldig kjekt, seier ho og smiler.

Stemninga er god når ungdom møtest til samspel. Men noko har endra seg.

Før var foreldre svært skeptiske til å sleppe dei unge frå seg og undrande til kva dei eigentleg driv med på foran dataskjermen.

Markus Bjørnereim på lan på Breim

ENDRING: Blan-sjef Markus Bjørnereim merkar at foreldra no forstår meir av kva ungdomane driv med når dei spelar.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

Foreldra forstår meir

– Foreldra er her meir no. Dei står og følgjer med, leverer ungane og blir her to –tre timar. Slik var det ikkje før, bra utvikling.

Det seier leiar for Blan, Markus Bjørnereim. Dei siste ti åra har han vore sentral i arbeidet med å samle spelande ungdom til treff to gonger i året.

– For vår del så har vi jobba veldig målretta opp mot foreldre og at det er noko foreldra skal forstå meir av.

Svensk forskning syner også at unge gamerar ikkje får færre vener enn andre, skriv forskning.no

Vil knuse mytar

Den siste tida har det blitt sette eit sterkt fokus på dataspeling og den verda gamerar lever i. Ikkje minst gjennom NRK sin artikkel om Mats Steen.

Guten som på grunn av sjukdom levde eit heilt liv i dataspela si verd og om nettvenene som kom i bisetjinga då Mats døydde.

Bjørnereim vonar at folk no forstår at gamerar ikkje er gutar og jenter som sit på rommet og ikkje har vener.

– Det er ei myte. Det er dei som spelar fotball til vanleg, det er dei spelar i korps til vanleg og det er dei som spelar data til vanleg. Men dei er vener heile gjengen, fortel Bjørnereim.

Gameren Mats Lord Ibelin Redmoore

STOR MERKSEMD: Mats Steen var funksjonshemma og brukte mykje tid på dataspel. Der var han aldri einsam.