Sykkel-VM og brannrettsak kolliderer – krev store ressursar

September vert ein krevjande månad for politiet. Rettssaka etter hotellbrannen i Selje krev store politiressursar. Samstundes er politiet bedne til Bergen for å trygge byen under sykkel-VM.

Tormodd Hvattum

MEINER HAN HAR KONTROLL: Tormodd Hvattum meiner politiet har kontroll, men innrømmer at arbeidsmengda kjem til å gå ut over noko.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har god kontroll, men det går jo ut over noko. Det er etterforsking som må lide, ved at vi bidreg på denne måten, seier lensmann i Eid og Selje, Tormod Hvattum.

Det var natt til 25. november i fjor at Selje hotell brann ned til grunnen. Tre brør, mellom anna hotelldirektøren sjølv, er no tiltalt i saka.

Mangel på sentralarrest i Førde, gjer at dei tiltalte truleg må transporterast til og frå Vik fengsel kvar dag.

Å køyre tur retur Vik fengsel Førde vert over fem timar i bil, kvar dag.

Nei frå statsadvokaten

Politiet spurde statsadvokaten om å få flytte rettssaka, grunn kollisjonen med sykkel-VM, men fekk nei. Det får konsekvensar for bidraget til VM.

– No har vi blitt samde om å redusere bidraget vårt til sykkel-VM frå åtte til tre tilsette, seier Hvattum.

Også politiet i Sunnfjord har måtte redusere sitt bidrag grunna rettssaka. Mellom 10 og 12 politibetjentar vert sende til Bergen, medan politiet i Sogn sender åtte.

Ville bruke glattcelle

Det er sett av tre veker til rettssaka. Dei tre tiltalte sit no varetektsfengsla tre ulike stadar i landet. Ein i Vik fengsel, ein i Trondheim og den tredje i Hustad fengsel utanfor Molde.

– Det ser ut til at vi må transportere dei dagleg frå Vik fengsel til tingretten i Førde, og tilbake på kveldstid. Det seier seg sjølv at det tek både tid og ressursar, seier Hvattum.

Politiet har spurt om å nytte glattcellene ved politistasjonen i Førde for dei tiltalte under rettssaka, men det har dei tiltalte og forsvararane sagt nei til.

– Å køyre til Vik er inga optimal løysing. Det er opp til politiet å finne ei praktisk, god løysing på dette, seier advokat Paul-Inge Angelshaug.

Han representerer ein av dei tre tiltalte, som ikkje var medeigar i hotellet.

Brann i Selje hotell

RETTSAK: Saka etter brannen på Selje hotell skal opp i retten på same tid som sykkel-VM.

Foto: Erik Hove

Utfordrande sak

– Vi er avhengig av å snakke med klientane våre, både før og etter rettsdagane. Vi ventar på kva som vert den endelege løysinga, seier advokat Angelshaug.

Rettssaka startar 18. september.

– Det vert ei spesielle sak, der det er tre tiltalte, med tre ulike tiltalar mot seg. Den eine har erkjent skuld, og det vil nok setje sitt preg på saka, seier Angelshaug.

Lensmann Hvattum seier avviklinga av rettssaka byr på utfordringar og mykje logistikk, men trass to ressurskrevjande hendingar samstundes, seier Hvattum dette ikkje går ut over beredskapen.

– Vakt og beredskap vert ikkje endra. Dei som merkar dette er dei tilsette som må ha noko hyppigare vakt enn dei elles har. Så det er ikkje fritt fram i Nordfjord denne perioden.