Hopp til innhold

Selje Hotel tapt i storbrann

SELJE (NRK): Store deler av Selje Hotel i Selje er gått tapt i brannen i natt. Hotellet er vinterstengt og det var ikkje folk i bygningen då det byrja å brenne. – Eit ikon har gått tapt, seier ordførar Stein Robert Osdal.

Selje hotell har stått i full fyr fredag morgon. Slik såg det ut då Erik Hove var på staden for NRK.

I FULL FYR: Ifølgje brannvesenet har i alle fall romfløya gått tapt i brannen.

SISTE: Brannen er no sløkt. Det er førebels uvisst kva som kan ha utløyst brannen i Selje Hotel, seier Olaug Holme som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø. Dei evakuerte får no flytte heim igjen.

Det var ein nabo som varsla Alarmsentralen om brannen klokka 03:35 natt til fredag.

– Store delar av hotellet har gått opp i flammar. No har vi fått kontroll på situasjonen, og den er meir oversiktleg, seier Frode Eide ved Alarmsentralen fredag morgon.

Han seier at det i startfasen var fare for at brannen kunne spreie seg til omkringliggande område, men at brannmannskapet klarte å hindre det.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har klart å unngå spreiing, men heilt i starten var vinden slik at brannen kunne spreie seg til eit legekontor som ligg i nærleiken. Vi har evakuert ein del personar til skulen, det er litt på grunn av ein gasstank ved hotellet. Så er det og røyk som er viktig å unngå å puste inn.

Brann på Selje hotell

MOBILISERTE: Rundt 30 brannmannskap kjempa mot flammane i natt.

Foto: Tor Seljeseth

Rundt tretti personar frå brannvesenet i Selje, Vågsøy og Vanylven har vore involvert i sløkkingsarbeidet. I tillegg har politiet ein god del ressursar på staden, og det er to ambulansar ved hotellet.

Ved 08-tida vart kring ti brannfolk dimmitterte. Då var romfløyen nedbrent.

Les også: Selje Hotel tapt i storbrann

– Det pågår framleis brannsløkking, men dei har god kontroll no. Utover dagen vil vi halde fram med å kjøle ned bygningsmassen, seier Eide.

Eigaren var i Sverige

Noverande eigar av Selje Hote, Aydin Ackay, var i Stockholm då meldinga om brannen kom i natt. Til NRK seier han at han er i sjokk, men ønskjer ikkje å kommentere brannen på noverande tidspunkt. Han fekk vite om brannen då politiet ringde han i natt. Fredag føremiddag var han på veg i bil frå Stockholm til Selje.

– Eit ikon er gått tapt

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, er ved branntomta i morgontimane fredag.

– Dette er berre trist. No står eg og ser på brannen og romfløya har gått tapt og det er store røykskadar i kjøkken og etesal. Dette er eit skikkeleg ikon i Selje, som har gått tapt.

For første gang i historia si er Selje Hotel vinterstengt denne vinteren. Osdal er sjeleglad for at ingen var i bygget då det tok til å brenne.

– No er eg sjeleglad for at det ikkje var gjestar eller personell i hotellet, og så er det berre trist. Eg fekk melding om brannen for ein time sidan og kom hit. No held vi på med å organisere frukost for dei som har blitt evakuert bort på skulen.

Selje Hotel

IKON: Seljeordføraren beskriv hotell som eit ikon for kommunen. Slik såg det ut før brannen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ba ordføraren flytte seg

På eit tidspunkt under intervjuet med NRK Sogn og Fjordane fekk Osdal, som stod 50 meter frå hotellet, beskjed av politiet om at han måtte flytte bilen sin då vinden var i ferd med å snu. Han fortalde då at politiet og brannvesenet verka å ha god kontroll.

Kommunen har engasjert kriseteamet som mellom anna vil hjelpe dei 37 evakuerte med frukost på skulen.

Sara Maria Kvernevik, Emanuel Kvernevik Sundal og Felix Kvernevik Sundal

EVAKUERTE: Sara Maria Kvernevik og sønene Emanuel Kvernevik Sundal og Felix Kvernevik Sundal er no på Selje skule.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Evakuerte

Sara Maria Kvernevik og sønene Emanuel Kvernevik Sundal og Felix Kvernevik Sundal er mellom dei 29 evakuerte som er på Selje skule. Ho fortel om ei dramatisk natt.

– Eg vakna av røykluft på soverommet og sjekka leilegheita mi. Då eg gjekk ut på altanen, såg eg at hotellet stod i full fyr. Eg var heilt sjokkert. Det var surrealistisk å sjå, fortel ho.

Politiet gav beskjed om at det var fare for eksplosjon i ein gasstank og at dei difor måtte reise frå huset.

– Eg var med på å vekke naboar og så var det berre å reise til skulen. Dette er ein trist start på dagen.

– Tragedie

Roald Halsør

HJELPER TIL: Dagleg leiar Roald Halsør ved Coop Prix har opna butikken for brannmannskapet og andre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dagleg leiar Roald Halsør ved Coop Prix har opna butikken slik at brannmannskap og andre kan få seg mat og drikke. Han fekk telefon om brannen i natt.

– Eg trudde først at det ikkje var sant. Det er ei tragedie for lokalsamfunnet og dei som er avhengige av hotellet. Hotellet har betydd enormt mykje for bygda. Eg kvir meg til det blir dagslys og eg ser kor gale det er, seier han.