Hopp til innhold

Etterforskinga av hotellbrannen har kosta politiet dyrt

Etterforskinga av brannen på Selje hotell har kosta politiet ein halv million kroner.

Tormod Hvattum

NAUDSYNT: Etterforskinga av brannen på Selje hotell har kosta politiet kring 500.000 kroner. – Men det er slike oppgåver politiet er til for å løyse, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Brannen kom heldigvis på eit slikt tidspunkt at vi kunne ta høgde for det og bake det inn i budsjettet for 2017. Slik sett vil ikkje det råke andre aktivitetar som vi har planlagt for resten av året, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Halve overtidsbudsjettet

Selje hotel i brann

EVAKUERTE: I alt 37 personar vart evakuerte då det byrja å brenne på Selje hotell.

Foto: Alvin Honningsvåg

Brannen på Selje hotell natt til 25. november har kravd mykje ressursar av politiet i Nordfjord. Dei fleste av tenestemennene i driftseininga har meir eller mindre medverka i etterforskingsarbeidet som no nærmar seg slutten.

Saka har fått høg prioritet og har kosta deretter.

– Ein halv million kroner svarar til kring halve overtidsbudsjettet for eit normalår. Brannen har også kosta mykje i form av arbeidskraft, seier Hvattum.

Har fått ei tilståing

Tre brør er sikta i saka og set varetektsfengsla i ulike fengsel i Norge. Den eine har erkjent å ha rigga til brannen som totalskadde hotellet. Dei to andre nektar for å ha noko med brannen å gjere.

Politiet meiner dei tre hadde økonomiske motiv for å starte brannen.

Hvattum seier at det ikkje berre er undersøkinga av brannruinane som har teke tid.

– Det har gått mykje overtid på transport og avhøyr av dei sikta. Vi har også gjort fleire avhøyr og etterforskingssteg i Sverige. Summen av dette kostar tid og pengar, seier Hvattum.

Vil ikkje problematisere

Selje hotel

ØKONOMI: Politiet meiner dei tre sikta av økonomiske omsyn sytte for at Selje hotell byrja å brenne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den samla reiselengda for å gjennomføre eitt avhøyr av kvar av dei tre sikta er kring 1.500 kilometer tur/retur Nordfjord. Dei tre sikta var busett i Stockholm, 950 kilometer unna.

– Det har vore veldig arbeidskrevjande, men mange flinke aktørar har jobba godt. Frå vår ståstad nærmar vi i alle fall oss eit godt resultat, seier Hvattum og ikkje vil problematisere prislappen på etterforskingsarbeidet.

– Men så mykje fokus på ei sak, har vel gått utover andre?

– Det har fått følgjer for andre saker, men ikkje for område som vi prioriterer. Dei har vi handtert parallelt.

Etterforskinga i sluttfasen

– Det har gått utover trafikkaktiviteten vår, der vi ikkje er på det nivået vi ynskjer når det gjeld tal kontrollerte køyretøy. Andre bagatellsaker har også måtte vente for ein periode, men der er vi i ferd med å hente oss inn att, seier Hvattum.

Politiadvokat Magnus Engh Juel stadfestar overfor NRK.no at politiet no er inne i sluttfasen av etterforskingsarbeidet.

Like over påske skal Engh Juel, etterforskingsleiaren og statsadvokat summere opp og sjå om det er naudsynt med ytterlegare etterforskingssteg.