NRK Meny

Må hente politi frå heile landet til sykkel-VM

Politi-Norge må trø til under det gigantiske arrangementet i Bergen. – Vi må rekne med det vil gå utover beredskapen, seier tillitsvald.

Her passerer de Bryggen under første etappe av Tour des Fjords.

SYKKELFEST: Kring 500.000 publikummarar er venta til sykkel-VM i Bergen i september. Her frå fjorårets Tour des Fjords.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

I september kjem eit av verdas største idrettsarrangement til Bergen. 300 millionar tv-sjåarar skal sjå verdas beste syklistar tråkke seg gjennom byen

Men arrangementet krev store ressursar og gir utfordringar for både trafikken, helsevesenet og ikkje minst politiet.

Styrka beredskap

Vest politidistrikt har no gått ut og varsla at dei treng ekstra mannskap frå andre politidistrikt. Også Utrykkingspolitiet og nasjonale politieiningar, som beredskapstroppen, er kontakta for å sikre eit trygt Bergen under sykkel-VM.

Det betyr at andre delar av Hordaland og Sogn og Fjordane, samt andre politidistrikt, må måtte sende mannskap til Bergen i september. Men politileiinga lovar at det ikkje skal gå utover beredskapen elles i distrikta.

Det er leiar Kjetil Rekdal i Politiets Fellesforbund i Vest skeptisk til.

– Dersom ein tek vekk mange hundre operative politifolk og flyttar dei til eit anna distrikt, så føreset eg at det går utover beredskapen, seier han.

Ida Melbo Øystese

LOVAR BEREDSKAP: Visepolitimeister Ida Melbo Øystese i Vest politidistrikt.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

– Vi vil ha ein klart styrka beredskap i arrangementstida i dei sentrale områda der mest kriminalitet skjer. Elles i distriktet vil beredskapen haldast oppe, seier driftseiningsleiar Morten Ørn til NRK.

– Korleis fordelinga vil bli er for tidleg å seia, men vi vil aldri gå på akkord med å ha ein forsvarleg beredskap i heile distriktet, legg visepolitimeister Ida Melbo Øystese til.

Har tatt opp uroa internt

Men dette reknestykket er det ikkje alle som får til å gå opp. Rekdal i Politiets Fellesforbund er uroa for at det vil oppstå hol i mange vaktplanar i Politi-Norge.

Uroa har dei tatt opp intern, der dei snarast ber om ein plan over korleis mannskapet skal organiserast.

– Då blir det lettare å avhjelpe beredskapssituasjonen i den perioden, ved at vi får tid til å planlegge. Det er difor vi ønskjer å vere tidleg ute, nettopp for å sikre ei forsvarleg bemanning i dei distrikta mannskap blir tatt frå.

Rekdal er også opptatt av at mannskapa som kjem frå ulike distrikt til sykkel-VM, får dei same arbeidsvilkåra og rammene å jobbe under.

– Det begynner å haste og eg håpar politidirektoratet kjem på bana for å gi nokre avklaringar om korleis mannskapa skal ha det.

Kjetil Rekdal UNIO

BER OM SVAR: Leiar i Politiets Fellesforbund i Vest, Kjetil Rekdal.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Klare for å hjelpe

Politikollegaer lenger sør på Vestlandet er mellom dei som er varsla om at Bergen vil trenga hjelp i september. Stabssjef Egil Eriksen i Sør-Vest politidistrikt er klar til å hjelpe, og er ikkje uroa over at det skal gå utover egen beredskap.

– Vi skal klare å handtera oppgåvene i politidistriktet vårt elles. Vi har god tid til å planlegga. Det skal gå heilt fint å hjelpe Bergen ved å gi 20 til 30 prosent av operative mannskap, seier Eriksen.

Siste video

SE VIDEO: Hunden Viggo trener ved Fjellanger hundeskole på Lysekloster i Os. Han skal lære å snuse på pusteprøver fra pasienter og kjenne igjen lukten av kreft.
Døpes i Tromsø