Hopp til innhold

Stor uro få månadar før kommunane skal ta ansvar for rus og psykiatri

FØRDE (NRK): Frå 2017 får kommunane ansvar for å tilby omgåande hjelp innan rus og psykiatri. Pengane til oppgåva let vente på seg.

Kjersti Toppe

UROA: Nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen Kjersti Toppe, trur ikkje kommunane klarer å sko seg i tide.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Til no har eg ikkje møtt ein einaste helse- og omsorgssjef i ein kommune som seier at dette vil gå bra. Dei er ganske arge over at dette blir tredd ned over kommunane på denne måten og så raskt, seier første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe frå Senterpartiet.

Det er fire år sidan samhandlingsreforma vart innført, og kommunane fekk då større ansvar for pasientar. Frå neste år er dei også pliktige til å gje strakstilbod innan rus og psykiatri.

– Finansiering er heilt avgjerande for å få det til, seier Øystein Furnes, som er prosjektleiar for tilbodet i Sogn og Fjordane.

Øystein Furnes ville gjerne visst kor mykje pengar som kjem til den nye tenesta.

ETTERLYSER MIDLAR: Øystein Furnes vil helst ha øyremerka midlar til det nye tilbodet som kommunane skal drifte frå 2017.

Foto: Eva Marie Felde

Etterlyser øyremerka midlar

Som sjef for legevakta i ni kommunar i Sunnfjord og ytre Sogn, ser Furnes at det er behov for tilbodet som kommunane skal overta frå helseføretaka. Unge i akutt krise, angst eller depresjon kan ha betre nytte av ei seng på ei roleg avdeling nokre dagar enn å bli lagt inn på psykiatrisk eller medisinsk avdeling på sjukehus.

I Sunnfjord og ytre Sogn treng dei to millionar årleg til å auke kompetansen og fleire tilsette. Andre kommunar kan ha behov for mykje meir, men korleis tilbodet skal finansierast er uklart.

– Å ta over ei oppgåve frå helseføretaka utan at det følgjer pengar med vil vere vanskeleg å svelgje for kommunane, seier Furnes.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie sa i april at dei økonomiske rammene ville kome i kommuneproposisjonen i mai. Då den låg føre vart det på ny skubba til Statsbudsjettet i oktober.

– Kommunane må bu seg, og dei vil få tydleg og klar beskjed om midlane. Vi har stor tru på at dei vil klare dette bra. Dette er heller ikkje heilt nytt for kommunane, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.

Lisbeth Normann

STATSBUDSJETTET: – Vi har stor tiltru til at kommunane klarer dette, og så skal vi følgje det opp i ordinære budsjettprosessar frå 2017, seier statssekretær Lisbeth Normann.

Foto: BJORN H STUEDAL www.stuedal.no / BJORN H STUEDAL www.stuedal.no

– For kort tid

I januar la Riksrevisjonen fram ein rapport om erfaringane etter innføringa av samhandlingsreforma. Dei peika mellom anna på at:

  • 70 prosent av kommunane har berre i lita grad auka talet på årsverk innan rus og psykiatri.
  • Berre kvar sjette kommune har i stor grad auka kompetansen på feltet.

– Det er ingen grunn til å tru at kommunane er betre rusta til dette i 2017 enn i 2016. Det har vore sett av frie midlar i samband med opptrappingsplanen, men så ser vi at kommunane vel å bruke pengane på andre ting, seier Kenneth Arctander, informasjonsansvarleg i rusmisbrukarar sin interesseorganisasjon, RIO.

Toppe håpar på si side at ho får politisk støtte til å utsette innføringa av tilbodet.

– Kommunane vil ikkje klare å bygge opp dette tilbodet på så kort tid. Her håpar eg Stortinget vil overprøve regjeringa sitt forslag, og gje kommunane meir tid.