NRK Meny
Normal

Steiring tek sjansen – opererer ikkje skulderskaden

– Det er litt sjansing, men det tek så pass lang tid å komme tilbake om eg skal ta operasjonen, seier Per-Magnus Steiring.

Per-Magnus Steiring

SKADE: Sogndal Fotball må klare seg tre-fire veker utan midtstoppar Per-Magnus Steiring (21).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fredag bestemte Sogndal-spelaren seg for å ikkje operere skaden han fekk i cuptapet for Fyllingsdalen på onsdag.

Ein operasjon ville sett han på sidelinja i fire til seks månader. No siktar han seg inn på vere speleklar til Strømmen-kampen 27. mai.

– Eg har snakka med ein del folk som har god kunnskap om skulderskadar. Fungerer det ikkje utan operasjon, så kan eg ta den seinare. Tek eg operasjonen, så kan det bli komplikasjonar og då er det ingenting eg kan gjere med det, seier Per-Magnus Steiring.

Tre rokne leddband

Under cupkampen fekk nordlendingen ein dytt og landa på skuldra. Dei siste 45 minuttane av kampen spelte han med sterke smerter. Medisinsk ansvarleg i Sogndal Fotball, Trond Vegard Ripe, kunne raskt konstatere luksasjon i AC-leddet.

Trond Vegard Ripe

REALISTISK: – Det som er realistisk no er tre til fire veker, så vil han nok nærme seg å vere speleklar, seier medisinsk ansvarleg i Sogndal Fotball, Trond Vegard Ripe.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dette er ikkje sjølve skulderleddet, men leddet der kragebeinet møter skulderbladet.

– Alle tre leddbanda har roke. Dei vil ikkje finne kvarandre sjølve, men må syast saman. Alternativet er operasjon seinare, der ein lagar nye leddband, seier Ripe.

– Tek sjansen

– Hadde Per-Magnus vore frisør eller snikkar, og jobba mykje i skulderhøgde, så hadde nok rådet vore operasjon. Som fotballspelar er det 50/50 kva som blir anbefalt. Ein kan bli like bra utan operasjon, legg Ripe til.

Steiring må no bu seg på eit noko meir ustabilt AC-ledd. Han er budd på å legge seg under kniven dersom det ikkje blir råd å spele att.

– Går det ikkje å spele med det, så må eg ta ein operasjon uansett. Det tek så pass lang tid å komme tilbake, fire til seks månader, at eg vel å ta sjansen, seier Steiring.

Treng ro

Dermed er det først og fremst ro, og seinare opptrening, som må til før han er tilbake på bana.

– Når den akutte smerta har gitt seg, så må han få att full rørsle og styrke slik det var før han skadde seg, seier Ripe.

– Det blir vanskeleg å halde seg i ro, men det er det som må til. La det kvile og så ta det steg for steg, legg Steiring til.

– Kjipt tidspunkt

Det betyr at 21-åringen må sjå søndagens oppgjer frå tribunen. Truleg ser han også fotballveteran Kjetil Wæhler (42) ta hans plass i midtforsvaret.

– Det er veldig kjipt tidspunkt å få skaden, med så mange viktige kampar i mai månad. Men det er ingenting eg får gjort noko med. Eg må berre komme meg raskast mogleg tilbake, avsluttar Steiring.

Vegopning på Bergum i Førde kommune