NRK Meny
Normal

Wæhler vil spele seg tilbake til Eliteserien med Sogndal

Kjetil Wæhler (42) er tilbake i Sogndal-trøya. Går det som han ynskjer, blir det utover 2018-sesongen.

Wæhler

ELITESERIEN LOKKAR: – Eg har vore litt rundt og snakka med klubbar, og kunne nok spelt på eit høgare nivå. Eg meiner eg har nivået inne, seier Kjetil Wæhler.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Eg har sagt til Håvard Flo at eg skal ha nokre kampar i Eliteserien dersom Sogndal rykkjer opp. Så då blir det kanskje Sogndal neste år også, seier Kjetil Wæhler.

Revansjelysten

Det er ein revansjelysten 42-åring som er tilbake på Fosshaugane. Han har eitt mål for augo; å spele Sogndal tilbake i Eliteserien.

Fjorårets nedrykk til 1. divisjon vart ein gedigen nedtur for den kompromisslause midtstopparen med 31 A-landskampar.

– Det tok lang tid å komme over nedrykket. Når eg først skulle tilbake, så var valet ganske enkelt. Det hadde det vore gøy å bidrege til at Sogndal kom tilbake på øvste nivå. Det er der dei høyrer heime, seier Wæhler.

– I fotballmodus

Midtstopparen sette fotballen på vent etter nedrykket i fjor, men har gjennom vinteren fått fleire førespurnader frå klubbar. Også eliteserieklubbar. Då passa ikkje fotball inn i livet som familiemann og studenttilvære for å bli personleg trenar.

Kjetil Wæhler og Håvard Flo

ELITESERIEN: Kjetil Wæhler tek eitt år av gangen, men opnar for å setje seg ned med sportsleg leiar Håvard Flo for å drøfte ny kontrakt dersom Sogndal rykkjer opp.

Foto: Sogndal Fotball

«Nei» fekk også Sogndal-trenar Eirik Bakke då han ville ha Wæhler som erstattar for Rosenborg-klare Even Hovland. Så byrja det å krible i dei 42 år gamle beina.

– Det startar ein prosess når du som 42-åring får førespurnader frå klubbar, og du føler at du kan bidra. No er eg i fotballmodus att, seier spelaren som i fjor vart den eldste utespelaren som har spelt i eliteserien.

Lettare i år enn i fjor

Mange heva augebryna då Sogndal i fjor lokka Wæhler ut av fotballpensjonisttilværet for å løyse midtstopparkrisa. Den tidlegare landslagsspelaren gav svar på tiltale allereie i debuten og leverte til tider stopparspel av klasse. Diverre var det ikkje nok for å berge Sogndal frå nedrykk.

No har han ikkje berre revansjelysten og eitt år eldre, men også smartare og minst like ivrig på å trene.

– Inngangen no er lettare i år enn i fjor. Eg var endå meir spent og kjende presset meir då eg vart kasta rett inn i det etter å ha lagt opp. Eg kjenner klubben, folka og bygda, men så skal det leverast. Det blir minst like mykje arbeid i år som i fjor, seier han.

Vil høyre på trenaren

Med ein aldrande kropp, må fotballveteranen fokusere endå meir restitusjon.

– Eg kan gjere ein god del mellom slaga for å vere best mogleg rusta i høve muskelskadar og belastning. I staden for å gå på mølla eller springe intervall, må eg trene styrke. Då kan eg kanskje unngå dei store problema, seier Wæhler og avsluttar:

– Eirik er flink til å halde meg att, og kanskje eg i større grad enn i fjor må høyre på han. Eg bør nok innsjå at eg er blitt eitt år eldre.