Hopp til innhold

Steiring fullførte med sterke smerter – truleg ute i fleire veker

Sogndal må truleg klare seg i fleire veker utan Per-Magnus Steiring. Midtstopparen reiste rett frå cupexit mot Fyllingsdalen til sjukehus i Bergen.

Per Magnus Steiring

UTE: Per-Magnus Steiring var ute i to månader då han fekk rift i ei nyre på landslagsoppdrag med U18-landslaget. Han håpar det ikkje tek like lang tid å bli frisk etter skaden mot Fyllingsdalen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Per-Magnus Steiring spelte dei siste 45 minuttane av cupkampen med sterke smerter i høgre skulder.

– Det gjorde vondt. Eg fekk ikkje gå i duellar eller slå skikkelege pasningar. Men det var enten det eller å spele med ti mann. I samråd med trenarteamet valde eg å fortsette, seier 21-åringen.

Håpar på sju veker

Uhellet skjedde etter vel 70 minuttar spel då Steiring skulle heade ein lang ball tilbake til keeper Kjetil Haug. Nordlendingen fekk ein dytt i ryggen og landa på høgre skulder.

Truleg har han fått ein skade i AC-leddet, ein sokalla AC-leddsluksasjon. Etter cupkampen, som Sogndal tapte 1-2, reiste han rett til sjukehus for å få tatt bilete av skuldra.

– Ser det bra ut, og det berre er å kneppe på plass og trene opp att, så er eg ute kring sju veker. Men det veit vi ikkje sikkert før vi har tatt biletet, seier Steiring.

– Passar veldig dårleg

Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0

DILEMMA: Trenar Eirik Bakke konstaterer at Sogndal har kome i liknande midtstopparkrise som i fjor. – Det var ikkje gode teikn og Per-Magnus spelar i alle fall ikkje i helga. Men vi skal ikkje ta sorgene på forskot, seier han og håpar å kunne presentere ein ny spelar torsdag.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det passar veldig dårleg å bli skadd no. Eg kjenner meg i bra form og vi har vore solide defensivt siste kampane, legg den tidlegare Rosenborg- og Viking-spelaren til.

Skaden kjem frykteleg dårleg for Sogndal. Etter ein famlande start på tilværet i 1. divisjon, har laget vunne to kampar utan å sleppe inn baklengs.

Trenar Eirik Bakke er budd på å miste midtstopparen i lang tid.

– Det er kjedeleg for guten, men også for oss. Han har vore fantastisk for oss etter at Even Hovland reiste, seier Bakke.

Wæhler i morgon?

Hovland vart seld til Rosenborg etter første seriekamp, stod Sogndal att med tre midtstopparar. No er dei nok ein midtstoppar i manko. Med overgangsvindauget stengd, kan klubben berre hente kontraktlause spelarar.

I tillegg stod forsvarsspelaren Reiss Greenidge over cupkampen på grunn av skade.

Det har allereie vore snakk om at Kjetil Wæhler (42) kjem tilbake for eit nytt opphald på Fosshaugane.

– Vi har henta utanfrå vindauget før, men vi får sjå i morgon om det dukkar opp eit namn som har vore der før. Utan at eg vil seie noko meir, seier Bakke.

– Ikkje godt nok

Steiring er klar på at han har hatt betre kveldar. Først skade og så slutt på cupeventyret.

– Det er heilt jævlig akkurat no. Men ein må berre prøve å lære av det. Det var rett og slett ikkje bra nok av nokon på bana i dag. Vi må berre sjå oss sjølve i spegelen og innsjå det, seier han.