Hopp til innhold

Steile frontar før folkemøte

Store delar av folket i Vågsøy krev folkerøysting om Kinn kommune. I kveld kan dei få vite om dei har mobilisert forgjeves.

Kinn kommune

– Eg kan ikkje skjønne at det skal vere vanskeleg å forstå at folk må bli høyrde i ei så veldig viktig sak. Kanskje ei av dei viktigaste sakene i Vågsøy kommune si historie, seier Gunnar Nore.

Nore er ein av over 1500 vågsøyværingar som krev folkerøysting om Kinn kommune. Kravet har kome gjennom ei underskriftskampanje og vert truleg sentralt på folkemøtet på Raudeberg tysdag kveld. Eit folkemøte der steile frontar kjem til å møtast.

– Eg er ikkje for å ha ei ny folkerøysting. Folk har hatt høve til å uttale seg om dette tidlegare, vi må berre gå vidare med Kinn kommune, seier Edvard Iversen (V) i fellesnemnda.

Edvard Iversen

GOD NOK: Edvard Iversen (V) i fellesnemnda for Kinn kommune meiner informasjonen til innbyggjarane i Vågsøy har vore meir enn god nok.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Iversen er sett til å leie møtet, då ordførar Kristin Maurstad vart sjukmeld dagen før folkemøtet.

Ventar avklaring frå Fylkesmannen

Ei svært dramatisk avrøysting i Vågsøy kommunestyre gjorde at Kinn kommune vart ein realitet. Seinare vedtok Stortinget å slå saman Flora og Vågsøy frå 2020. Før møtet er engasjementet rundt kommunen større enn nokon gong. Kanskje får forkjemparane for ei folkerøysting nokre svar i kveld.

– Kommunen har bede Fylkesmannen avklare om det er grunnlag for å halde ei folkerøysting på ei sak som er vedteken i Stortinget, seier Iversen, som håpar på svar før kveldens møte.

Etter at Kinn kommune vart vedteke, har Bryggja fått endra kommunegrensa, og ordførar Maurstad er blitt utsett for ryktespreiing og hets på nett. Senterpartiet sin Nils Myklebust meiner det ikkje vil bli ro i kommunen utan ei folkerøysting.

Nils Myklebust

FORVENTAR STORT OPPMØTE: – Eg trur det kan bli trongt om plassen. Dette har engasjert noko veldig, seier varaordførar Nils Myklebust (Sp) før informasjonsmøtet om Kinn kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det vil vere ein stor tabbe å avvise kravet om folkerøysting, seier Myklebust.

– Det er fatta vedtak i Stortinget om Kinn kommune, nyttar det då med omkamp?

– Det er eit nytt fleirtal på Stortinget no, så det skal ein ta litt med ro.

Høgre kan bli joker, igjen

Då kommunestyret vedtok samanslåinga var Høgre-politikarane delte i synet, men sikra til slutt fleirtal for Kinn. Om partia held på standpunkta sine, sit truleg Høgre med nøkkelen også i spørsmålet om ei eventuell folkerøysting.

– Dette må vi drøfte i kommunestyret. Å berre sjå vekk ifrå det, synest eg vil vere svært vanskeleg, seier gruppeleiar Morten Hagen.

Kjem saka til kommunestyret, vil ikkje Hagen forskottere kva Høgre går for.

Vi var delt då vi stemte om Kinn kommune i kommunestyret, men det er ikkje sikkert vi er delt i det spørsmålet her, seier Hagen.

Ventar mykje folk

Om Gunnar Nore skal stille eitt spørsmål i kveld, så blir det om kravet om folkerøysting.

– Enten vert det godt oppmøte med mange gode spørsmål, eller så er det veldig mange sinte borgarar som ikkje har særleg tru på det, og kanskje sit heime, seier Nore.