Hopp til innhold

Vågsøy-ordføraren: – Det har blitt for mykje

Kristin Maurstad er utsett for ryktespreiing og hets på nett. No tek fleire til motmæle mot det som står om ho på sosiale medium.

Kristin Maurstad

TIL MOTMÆLE: Vågsøy-ordføraren frå Arbeidarpartiet set stor pris på at nokon tek til motmæle.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Politikaren seier ho har blitt skuggeredd. Ho vil ikkje la seg intervjue, men seier følgande til NRK.

– Det har rett og slett blitt for mykje det siste døgnet. Eg set stor pris på at enkeltpersonar tek til motmæle når dei ser at folk går over grensene i kommentarfelta.

Det har tora kraftig rundt Maurstad den siste tida. Skulenedlegging, kommunesamanslåing og flytting av kommunegrense har fått folk til å be ho om å «reise til helvete».

Det bobla over på nett då politikaren varsla at ho skulle til Oslo for å snakke om grensejustering med kommunalministeren.

– Eg kjem i dag til å orientere formannskapet om reisa til Oslo, som er ei oppfølging av fleire kommunestyrevedtak i Vågsøy, seier ho.

Tar Maurstad i forsvar

Bjarte Gangeskar er blant dei som har tatt eit kraftig oppgjer med det han kallar for kritikk og karakteristikk som er langt over streken. Han skreiv eit innlegg på Facebook, som blant anna er delt vidare av ordførarane i Eid og i Selje.

– Eg kjenner ikkje Maurstad, men reagerer likevel sterkt på det som folk skriv. Det er snakk om vaksne folk som har problem med å skilje person og politikk.

Den utflytta vågsøyværingen ber om at det blir teke meir ansvar på sosiale medium.

– Vi vaksne må vere med på å trekke grenser. Vi er veldig bekymra for at ungane plager kvarandre på nett og andre stadar, så det er å rope i motvind når vi ikkje er betre sjølve.

Facebook

LANGT OVER STREKEN: I eit innlegg på Facebook tar Bjarte Gangeskar eit oppgjer med det han meiner er kritikk som er langt over streken.

Foto: Skjermdump /Facebook

– Ingen skal måtte tole noko sånt

Gangeskar får støtte frå ungdomsskulerektor i Vågsøy, Kåre Bakke.

– Mange av dei kommentarane eg har sett er av ein slik karakter at dersom det hadde vore elevar på skulen som hadde lagt dei ut, og vi som skule hadde blitt gjort merksam på dei, ville vi teke kontakt med foreldra til elevane og bedt dei snakke alvorleg med barnet sitt, skriv Bakke på Facebook.

Rektoren meiner det har eksplodert dei siste dagane, og har tatt til motmæle mot det han kallar for latterleggjering og sjikane på Facebook.

– Det er heilt meiningslaust. Ingen skal måtte tole noko sånt. Når det blir sjikane og ryktespreiing som eg veit elevane våre ville reagert på, så kan vi ikkje akseptere det når det er vaksne heller, seier han.

Kåre Bakke

SET FOTEN NED: Ungdomsskulerektor Kåre Bakke seier at ein ikkje kan akseptere kommentarane som Maurstad får på Facebook.

Foto: Asgeir Heimdal Reknsnes/NRK