Hopp til innhold

Over 1100 vågsøyværingar vil stogge Kinn

MÅLØY (NRK): Fredrik Egeberg trur på nær 1400 underskrifter for å stogge prosessen med Kinn kommune.

Fredrik Egeberg

KREV FOLKERØYSTING: Fredrik Egeberg frå Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Motstanden er sterk i Vågsøy mot å slå seg saman med Flora, trass i eige stortingsvedtak. I desember har folk skrive seg på lister med krav om folkerøysting, og responsen er svært stor:

– Eg kan ikkje begripe kva som er poenget med å slå seg saman når så mange er i mot, seier Fredrik Egeberg.

Egeberg står i spissen for underskriftskampanjen. Alt har 1100 personar skrive under på nettet, i tillegg ligg det lister i daglegvarebutikkane.

Underskriftsaksjonen er eit såkalla innbyggjarinitiativ. Med nok underskrifter er kommunestyret plikta å ta opp saka. Det blir valfritt for politikarane om saka alt har vore oppe i valperioden.

Egeberg trur talet til slutt kan ende på vel 1400 underskrifter, til samanlikning var det 2700 som røysta ved førre kommuneval.

– Dei folkevalde bør snu dette her, seier Egeberg. Han seier kravet om folkerøysting ikkje er eit ja eller nei til Kinn, men eit krav om folkerøysting.

Fullteikna lister

Gerd og Arvid Husevåg

VIL IKKJE HA KINN KOMMUNE: Gerd og Arvid Husevåg er blant dei som har skrive under.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ved Kiwi i Deknepollen er lista fullteikna. Blant dei som har skrive under er Arvid og Gerd Husevåg:

– Vi vil ikkje til Florø, og det er heilt supert at så mange er samde, seier Gerd.

Mannen Arvid er ikkje overraska over responsen:

– Nei, det er heilt naturleg.

Trur ikkje sinne vil legge seg

Geir Oldeide er Raudt-politikar i kommunestyret og vil ha folkerøysting:

– Eg trur folk berre blir endå sintare om dei no får nei, seier Oldeide.

Då Ap forhandla om ordførarvervet etter valet, var folkerøysting del av avtalen.

Men det skjedde aldri. Derimot vart det innbyggarundersøking der 55 prosent var mot, medan 31 prosent var for. I kommunestyret vart det fleirtal for samanslåing likevel.

Geir Oldeide

TRUR DEBATTEN VIL HALDE FRAM: Geir Oldeide (R) vil at Vågsøy skal vere eigen kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Oldeide trur det i framtida kan kome innbyggarinitiativ om grensejustering for den delen av Kinn som i dag er Vågsøy, slik som bygda Bryggja fekk til:

– Om ein blir tvinga inn utan at folk får seie meininga si, så har Bryggja vist veg, seier Oldeide.

Trur på meir informasjon

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy vil vente med å svare til kommunen får listene. Men seier underskriftene også er krav om meir informasjon om Kinn:

– Vi har registrert at det er mykje uro blant folk. Vi må gi den informasjonen som er etterspurt.

Kristin Maurstad

HAR TRUA: Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kva med krav om grensejustering om nokre år?

– På eit visst tidspunkt må ein finne seg i dei vedtaka som er gjort. Å heile tida ta omkampar er eg usikker på om er tenleg i lengda, seier Maurstad.

– Her er det eit opprør

Men uansett kva politikarane seier: Langt over tusen vågsøyværingar skriv seg på listene uansett.

– Politikarane bør forstå at her er det eit opprør, seier Egeberg.