Hopp til innhold

Sanner: Dette har vore ei vanskeleg sak

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la mest vekt på synspunkta til innbyggjarane på Bryggja då han sa ja til at bygda skal bli ein del av nye Stad kommune.

Kommunalreform.,

TOK AVGJERD: Kommunalminister Jan Tore Sanner har bestemt at Bryggja blir ein del av nye Stad kommune.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom Vågsøy kommune og kommunane Eid/Selje blir justert slik at Bryggja blir flytta.

– Dette har vore ei vanskeleg sak. Eg har stor respekt for dei synspunkta som har kome frå Vågsøy kommune. Men vi har lagt stor vekt på innbyggjarane sine synspunkt. Dei ønskjer å bli ein del av den nye kommunen, seier Sanner til NRK.

Då er den lange striden om kva kommune området Bryggja skal høyre til frå 1. januar 2020 avgjort. Området gjeld krinsane Bryggja, Totland og Maurstad i dagens Vågsøy kommune.

– Dette er kjempebra. Men vi hadde eigentleg ikkje trudd at departementet skulle kome fram til noko anna, seier leiar i Bryggja utviklingslag, Øystein Hessevik, til NRK.

Eit stort fleirtal av innbyggarane i Bryggja ønska å flytte frå dagens kommune til den nye storkommunen Selje/Eid frå 2020. Det ifølge ein innbyggarundersøking.

Øystein Hessevik

GLAD: Øystein Hessevik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er 541 innbyggarar i krinsane Bryggja, Totland og Maurstad.

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan begge partar har gode og saklege argument, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i pressemeldinga.

Lokalt initiativ

Initiativet til å flytte området Bryggja kom frå ein stor del av innbyggjarane i Bryggja.

Resultata av innbyggarundersøkinga viste at eit fleirtal på 79 prosent ønskte å bli ein del av den nye kommunen Eid/Selje, ifølge pressemeldinga.

– Det som har vore viktig for vedtaket om å justere grensa, er at innbyggjarane i Bryggja ønskte å høyre til den nye kommunen Selje/Eid. Det er òg lagt vekt på at ei flytting av Bryggja til Selje/Eid vil gjere den nye kommunen meir funksjonell og samanhengande, seier Sanner.

Området ligg mellom dagens Vågsøy og kommunane Eid og Selje, og har omsorgssenter, skule og privat barnehage. Skulen er vedteken nedlagt av Vågsøy kommunestyre.

Departementet vurderer at dei økonomiske ulempene og utfordringane for den nye kommunen av Flora/Vågsøy ikkje er så store at dei må tilleggast sterkare vekt enn omsyna som talar for grensejusteringa.

Kristin Maurstad

SKUFFA: – Men ikkje overraska, seier ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar ikkje overraska

– Eg er kjend med vedtaket. Eg er ikkje samd i det. Men vi lyt halde oss til at vedtaket er gjort og fokusere på korleis vi i praksis skal legge til rette for dette. Eg har god dialog med ordførarane i Eid og Selje, og skal møte dei allereie denne veka, seier ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune.

Maurstad seier ho ikkje er overraska over vedtaket.

– Eg opplevde at departementet lytta til Vågsøy. Dei vedgjekk at det var ei vanskeleg sak.

– Korleis er det å miste 541 innbyggarar?

– Det vil merkast. Vi veit ikkje alle konsekvensane per i dag. Det blir ein mindre del av gamle Vågsøy kommune som går inn i Kinn kommune. Vi blir færre innbyggarar som skal handtere gjeld og anna.

– Eg er nok litt skuffa over at argumenta vi kom med ikkje er blitt tekne til følge, seier ordførar Maurstad.