Politikarar på Gjøa
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Politikk i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Her får du siste nytt om det som rører seg i politikken i Sogn og Fjordane. Tips oss på sf@nrk.no.

  • Får seks råd i den nye kommunen

    Nye Sogndal kommune får tre heilt nye råd, skriv Sogn Avis. Eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er obligatorisk, medan eit kulturråd, eit innvandrarråd og eit aktivitets- og friluftsråd vert nye tilskot, skriv avisa.

  • Tel stemmer i kvar krins

    Når stemmene skal teljast ved valet i nye Sogndal kommune vil det skje krinsvis, skriv Sogn Avis. Med det blir resultata frå dei sju krinsane Fjordane, Sagatun, Leikanger, Trudvang, Kaupanger, Fjærland og Norane blir talde opp kvar for seg, og ein kan sjå korleis dei ulike partia gjer det i krinsane.

  • Kan blir krinsvis oppteljing i Kinn

    Det kan likevel bli krinsvis oppteljing av røystene i nye Kinn kommune under kommune- og fylkestingsvalet i haust. Valstyret har tidlegare bestemt at oppteljinga skulle vere samla. No tilrår både styreleiar og nestleiar Geir Oldeide styret å vedta ei krinsvis oppteljing.

    Geir Oldeide
    Foto: Bård Siem / NRK
  • Går for Hordalands-modell

    I nye Vestland vil Sogn og Fjordane kopiere Hordalandsmodellen, der vidaregåande-elevar slepp å søke seg inn for kvart skuleår. Fylkesordførarkandidat for Krf, Trude Brosvik, meiner dette gagnar elevane i dagens Sogn og Fjordane.