Startar distriktsaksjon på tvers av politikk og interesser

SOGNDAL (NRK): Laurdag var det eit stort tverrpolitisk møte i Sogndal for å markere oppstarten for ein ny, stor aksjon som skal jobbe mot sentralisering av tenester og arbeidsplassar.

Lerum og Dvergsdal

SAMAN MOT SENTRALISERING: Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug og forretningsmann Steinar Dvergsdal deltok i helga på eit møte mot sentralisering.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ei av dei som heilhjarta støttar opp om aksjonen er administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug.

Ho meiner at heile fylket no må samla seg i eit opprør mot sentralisering.

– Eg er overtydd om at dersom alle gode krefter vil det same, så kan vi vise at vi kan få det til her ute trass i at svært mange seier at vi ikkje får det til, seier Lerum Hjellhaug.

Tverrpolitisk

Toppsjefen i Lerum var berre ein av mange som laurdag møttest for å stille seg bak det arrangørane håpar skal bli eit landsomfattande opprør mot sentralisering. På tvers av alle politiske fargar og særinteresser var om lag 100 menneske samla, og Trine Lerum Hjellhaug er overtydd om at dette er vegen å gå.

– Det som motiverer oss, er når vi heile tida blir møtt med at vi er for små og at vi ikkje får det til, og at vi berre kan legge ned. Då vil vi vise at vi får det til.

– Kva meiner du er dei viktigaste verdiane vi kan fokusere på for å hindre sentralisering?

– Dersom vi berre ser oss rundt, så er det utruleg mange flinke folk her, og utruleg mange flotte verksemder. Det må vi må å byrje å vise fram, fordi eg er heilt sikker på at vi har livets rett.

Må fram det positive

Forslag om nedlegging av politidistrikt, alarmsentral og andre store reformer gjer sitt til at mange no har hengt seg på den nye aksjonen mot sentralisering. Sentralt i det heile står Sp-ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. Han meiner også at ein no må fram det positive.

Jan Geir Solheim

MÅ BLI FLINKARE Å SKRYTE: Jan Geir Solheim (Sp) er ordførar i Lærdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg trur vi må bli flinkare til å skryte av oss sjølve, og ikkje halde hemmeleg alt det gode som skjer i Distrikts-Noreg. Det er her verdiskapinga skjer, seier Solheim.

Mangeårig organisasjonsmann og forretningsmann, Steinar Dvergsdal, meiner det er viktig at også dei som ikkje er ein del av det faste politiske miljøet også deltek i ein slik kampanje.

– Sentralisering og samanslåing gjer at du tappar lokalmiljøet for arbeidskraft og arbeidsplassar Slik er det og på regionalt nivå. Dersom ein tappar Sogn og Fjordane, og flyttar ting til Bergen eller Oslo. Tar du vekk toppane frå organisasjonane, anten det er Høgskule, politi eller andre ting stoppar du mange karrierevegar, og dermed blir det mindre attraktivt for enkelte å etablere seg i fylket, seier Dvergsdal.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.