Er du ein glupstut eller ei fysekjerring? Då er du med i ei ny bok

Det skjer sterke og radikale endringar i språket vårt, meiner språkforskar Tor Erik Jenstad. No har han samla dei 300 mest morosame dialektorda han kunne finne, før dei forsvinn for godt.

Tor Erik Jenstad med dialektord

FORSKAR: Tor Erik Jenstad har samla dialektord frå heile Noreg i sin nye bok. Her frå serien «Dialektriket» på NRK.

Foto: NRK

– Å sjå rikdomen og kreativiteten i ordskapinga, og ta i bruk att somme av orda er kanskje mykje å håpe på, men det er no eit lite håp, seier forfattaren og språkforskar, Tor Erik Jenstad.

Difor har han no samla dei artigaste dialektorda landet har å by på mellom to permar. Jenstad ser nemleg store forandringar i dagens dialektbruk. Regionalisering er eit hovudmønster.

– Talemålet blir likt over eit større område. Det blir regiondialekter heller enn bygdedialekter. Det er det ein kallar regionalisering – eit frykteleg langt ord, seier han.

Tendensen Jenstad peiker på er sterk. Det skjer over heile Vest-Europa. Her til lands meiner han regionsenteret er hovudmotoren i utviklinga.

– I Trøndelag spreier til dømes Trondheimsmålet seg utover. Det er ein prosess som rullar og går, og er styrt av mektige samfunnskrefter.

Radikale endringar

Men også ordforrådet endrar seg. Det er mange av dei tradisjonelle, lokale orda som er på veg ut blant dei yngre. Språkforskaren går så langt som å kalle det ein kulturhistorisk revolusjon.

– Dialekt er akseptert i mange fleire samanhengar enn før, i det offentlege og i media, men på den andre sida er det ei sterk forandring. Eit veldig viktig trekk er at ordforrådet standardiserast. Det er så radikalt at eg er freista til å kalle det ein kulturhistorisk revolusjon, seier han.

Dei raskaste forandringane i dagens dialektbruk går føre seg austanfjells.

– Jamt over held dei eldre meir på dialekta. Elles går det desidert raskast i dalføre som Numedal og Hallingdal, og Østerdalen. Det skjer nok også vesta- og nordafjells, men det går seinare der. Og det ser ut til at ein er meir utanfor rekkevidd for Oslo-dominansen.

«Fysekjerring»

Dersom Jenstad ikkje klarer å berge kvart enkelt dialektord, så prøver han i alle fall å dokumentere dei. Tittelen på boka, «Fysekjerringer og glupstuter» er to heilt tilfeldige omgrep.

– «Fysekjerring» kjem frå Vestfold, og betyr ei gravid kvinne som er fysen på bestemte typar mat. «Glupstut» kjem frå mine heimtrakter på Nordmøre og er sjølvsagt ironisk. Det er ein som er veldig dyktig på eit bestemt område, men nær hjelpelaus på andre felt – også kalla nerd, forklarar han.

Morosame ord

Han er redd han sjølv er litt «glupstut» når det kjem til språk. For han har uendeleg med ord på lager. Og det er dei morosame han no har skreve ned.

Men kva gjer eigentleg eit ord morosamt?

– For min del kan det vera at det har ein spesiell klang, at lydkombinasjonane gjer det artig å ta i munnen. Men det er også like mykje innhaldet, at det faktisk finst ord for alle desse omgrepa. Her kan det finnast overraskande og artige vinklingar.

I boka har han samla dialekter frå heile landet. Orda er mange, og betydingane likeins. Men for ikkje å svartmåle dagens dialektbruk heilt, kan Jenstad forsikre oss om ein ting:

– Dialektbruken står til liv, den. I overskodeleg framtid vil vi nok absolutt høyre ein forskjell på ein sørlending, ein totning, ein vossing, ein trønder og ein nordlending, seier han.