Hopp til innhold

«Grautmål» - hyllest til dialektord

«Grautmål» er NRK Sogn og Fjordane sin  dialektserie og din veg til eit rikare vokabular. Bli med Arve Uglum inn i dialektane si vidunderlege verd.

Gode uttrykk? Tips oss

Det er Arve Uglum som er ansvarleg for serien Grautmål. Og har du tips om eit godt dialektutrykk, kan du sende oss ein epost til . sfj@nrk.no   

"Grautmål" - hyllest til dialektord

Møleg

- Det vil seie at noko er vanskeleg. Til dømes kan det vere møleg å skru saman flatpakka møblar frå Ikea. Det kan og hende at du er på julehandel og ikkje finne noko som du er nøgd med. Du synest det rett og slett er møleg å finne noko å kjøpe. Ordet har eg frå Jølster, seier Otto Svorstøl. Del 88 - møleg

Møølabløød

- Morfar min var ein lidenskapleg kortspelar. Brigde og amerikanar. Han brukte alltid uttrykket om kort frå knekt og oppover, seier Olav R. Faleide, som meiner ordet vert brukt i indre Nordfjord. Del 87 - møølabløød

Hogge føre

- Det er eit uttrykk for når ein ting brått er slutt. Til dømes når du er på eit fjellvatn, du har fått ut oteren og har fått 15 fiskar på ein time. Og så er det brått slutt. Då har eg høyrt at mange, spesielt eldre folk heime på Systrond, seie: det beit noko heise, men so var det som det var hogge føre. Då var det brått slutt på fisken, fortel Geirmund Henjum. Del 86 - hogge føre

Telemusk

- Ordet tyder rot eller uryddig. Ofte er det brukt når ein har vore på fest eller besøk og det har vore litt oppstyr. Då kan du seie at det var "no litt telemusk". Ordet kan og brukast i pengesamanheng og einkvan ikkje har vore heilt ryddige, seier Målfrid Skaar frå Dale i Fjaler. Del 85- telemusk

Gropsjete

- Det var veldig gropsjete å gå i marka. Det var ulendt og ufjælgt å gå. Det var vanskeleg å kome seg fram. Ordet kan brukast om ting som er vanskelege, seier Kirsten Endal. Del 84 - gropsjete

Snyrte

- Ordet kan brukast ironisk. Mor mi sa til dømes viss det var rotete og det kom folk - de kjem i eit snyrtehus. Men det tyder også å rydde opp. Når du har snyrta er det fint, seier Helga Søgnen Øvstetun.  Del 83 - snyrte  

Telun

 - Ordet er ofte brukt om ungar, og det betyr ynkeleg og lite. Det er ikkje negativt meint, heller litt lite og søtt. Telun vert brukt i Fjaler, men vert nok ikkje brukt så mykje no, seier Målfrid Skår i Dale i Fjaler. Del 82 - telun  

Tjukse

- Det var eit ord som vi brukte på sørstranda heime i Gloppen då eg vaks opp. Det er namnet på ein slags heimelaga bandasje som vi brukte på små sår. Gjerne på ein finger, fortel Georg Arnestad frå Sogndal. Del 81- tjukse   

Å slå atti tåge

- Å slå atti tåge betyr at du ombestemmer deg. Du hadde eigentleg tenkt å gjere noko, men så sler du atti tåge i siste augneblink. Du ombestemmer deg altså og gjer noko anna. Dette er eit gamalt uttrykk, og eg veit ikkje kva det kjem av. Det er stort sett eldre i Årdal som brukar uttrykket, seier Oddbjørg Hagen frå Årdal. Del 80- å slå atti tåge   

Knaje

- Knaje betyr for lite eller litt knapt. Viss du har invitert til selskap og det er for lite mat, då er det knaje. Eller viss du skal sy ei gardin og ho ikkje er så langt som ho burde vere, så er ho knajen. Dette ordet høyrde eg i barndommen min, og ordet er nok ikkje mykje brukt i dag. Knaje vart brukt i Fjaler, men eg trur også at det vart brukt i ytre Sunnfjord og ytre Sogn, seier Anne Storaker. Ho er frå Flekke i Fjaler, men bur i Førde. Del 79- knaje   

Kjelle

- Uttrykket kjelle vert brukt om å vere flink eller snill. Bestefar sa "No var du kjelle" viss eg til dømes henta brillene hans. Men eg tenkjer også på ei lettsindig dame "Ho er ei god kjelle". Kjelle kan altså brukast på to måtar, seier Oddbjørg Langeland frå Kalvåg. Ho seier at ordet vert brukt i Kalvåg og kanskje nord i Bremanger. Del 78 - kjelle  

Heirunnen

- Heirunnen betyr at du har lyst på noko, til dømes at du er saltsjuk. Dette ordet har vore nytta i Brekke og eg har også høyrt at det er kjent på Høyanger sørside, seier Bjørn Takle på Takle. Del 77 - heirunnen

 Bræsen

- Då er du litt for stor. Du tyder ikkje at du nødvendigvis er fysisk stor - men du tek for stor plass. Du pratar kanskje for mykje. Men du kan og vere fysisk stor og ha på deg litt store klede. Du vert litt ruvande på eit vis, fortel Anne Storaker frå Førde. Del 76 - bræsen  

Beinaberre

- "Ho der var eit beinaberre". Det tyder at ho var ei mager kvinne. Uttrykket kan nok og brukast på mannfolk, fortel Per Hilleren frå Sogndalsdalen. Del 75 - beinaberre

Alt et

- Uttrykket tyder at ein ikkje bryr seg om noko. Det er det same for meg - det er liksom ikkje så nøye, fortel Oddlaug Hammer frå Innvik. Del 74 - alt et  

Strot

- Ordet tyder at du er uvillig til å gjere noko. Det kan til dømes vere at du ber ein person om ei teneste, men han eller ho vil ikkje hjelpe deg. Då er vedkomande ein strot, fortel Otto Svorstøl frå Vassenden. Del 73 - strot

Faraskjot

- Ordet vart brukt då nokon ikkje hadde tid til å stogge, men måtte reise att med ein gong. Då sa dei at det var noko til faraskjot. Uttrykket vart brukt i min barndomsheim i Innvik. Eg veit og at det vart brukt i Oldedalen, fortel Oddlaug Hammer. Del 72 - faraskjot

Å koma i konvolutt

- Då er vi ille ute, som vi seier i Årdal. Då er du komen i ein veldig vanskeleg situasjon, som du ikkje veit korleis du skal kome deg ut av. Du er med andre ord ute å køyre, fortel Oddbjørg Hagen frå Årdal. Del 71 - å komma i konvolutt

Tettle

- Dette er rett og slett ei snusklyse som ein tek ut under leppa når ein skal ete. Før var ein svært sparsam med den dyre snusen. Difor la dei snusklysa på ein tallerken. Etter at dei hadde ete putta dei den inn igjen i munnen, fortel Jonny Nord, opphaveleg er frå Gaular, no busett i Førde. Del 70 - tettle

Ørvøse

Ein pratemaker, som eigentleg har lite å fortelje. Det er artig å høyre på slike, sjølv om ikkje alt er like sant, seier Øystein Dokset frå Blakset i Stryn. Del 69 - ørvøse

Budleriggen

- Når det regnar i bøtter og spann er det budleriggen. Rett og slett eit forferdeleg regnver, seier Olav Stedje. Ordet vert brukt i Sogndal og andre stader i Indre Sogn. Del 68 - budleriggen

Rennefok

- Vi kallar det rennefok når det er skikkeleg med vind samstundes som det snør. Snøen driv imot deg, seier Otto Svorstøl. Han seier at ordet vert brukt mange stader i Sunnfjord. Del 67 - rennefok

Åsvere

- Åsvese er eit arbeid som er halvgjort og lite planlagt. "Åsvese å ta det igjen" betyr at det er tungt å ta det att arbeidet, seier Øystein Dokset i Blaksæter i Stryn. Del 66 - åsvese

Hisje

- Det er litt hisje i huset, litt småkaldt eller gråkaldt. Du frys litt i skinnet. Det er nummeret før det snør i fjellet, då er det hisje, forklarar Paal-Rune Brosvik Flatjord. Del 62 - hisje  

Husetot

- Dette er ein person som pratar og pratar, og som har ein tendens til å overdøyve andre. Husetot kan og brukast om ei jente eller ein gut som gnålar om noko dei har lyst på, men sjølv om svaret er nei, så vil dei ikkje gje seg og held fram masinga, seier Otto Svorstøl, som har høyrt uttryket brukt i Naustdal. Del 61 - husetot

Frønte

- Å gjere ei frønte. Det tyder at ein har gjort ein liten tabbe. Du har kanskje køyrt bort i ein asfaltkant og punktert eit dekk. Dette er eit gammalt uttrykk som var mykje brukt i Fjelli i Stryn, fortel Bodvar Sølvberg. Del 60 - frønte

So'loll

- Viss du har bede nokon på besøk, og så seie dei at dei ikkje kan kome. Men viss dei kjem likevel, så kan du seie "å jøye meg, han kom so'loll. Eg høyrer uttrykket nesten kvar dag her i Øvre Årdal, seier Sissel Holsæter. Del 59 - so'loll

Nepen

- Nepen tyder at ein er skikkeleg skuffa. Eg hugsa mor mi hadde strikka ein gensar til meg, men gensaren fall ikkje heilt i smak hos meg og då vart ho mor nepa, fortel Otto Svorstøl frå Vassenden. Han har høyrt ordet brukt både i Naustdal og Jølster. Del 58 - nepen  

Aminje

- Å aminje er når du så vidt har sovna. Ordet kjem vel rett og slett av at du ikkje var med det minuttet eller to då du sov. Ordet vart brukt før i tida då dei skulle sove middag og ikkje hadde slik halvtimes middagskvil, men dei berre aminte så vidt, forklar Bodvar Sølvberg frå Fjelli i Stryn. Del 57 - aminje

Turrnavar

- Dette er ein person som veit lite. Han treng ikkje vere dum, men han bryr seg ikkje. Eg har berre høyrt uttrykket brukt om gutar, seier Thorbjørg Birknes, som opphavleg er frå Dalsøyra, no busett på Byrknes i Gulen. Del 56 - turrnavar  

Å kleie svartepurka

- Uttrykket vart brukt då dei var ute og jobba om kveldane til mørket tok dei. Då dei kom inn igjen pleidde bestefaren til kona mi seie: "ja, de kleia svartepurka kara", fortel Paal-Rune Brosvik Flatjord frå Stardalen i Jølster. Del 55 - å kleie svartepurka

Iest

- Det tyder at når vi snakkar om notida, så iest vi ingenting. Det tyder ein latsabb - ein gidd ikkje noko som helst. Han vil rett og slett ikkje, då iest ein ikkje, seier Bjørn Årebru, som har høyrt uttryket brukt i Årdal. Del 54 - iest  

Kankje du magli

- Vi lærte det då vi var ungar. Det var ei som spurde: "Kan du Magdalena ta deg ein tur opp i kvia og rake eit par ullteppe som vi kan ha under veslegrisen". Vi snakkar altså om å rake litt lauv som skulle brukast til strø under grisen, forklarar Bjørg Solvang Alsaker frå Blakset. Del 53 - kankje du magli

Kjarald

- Kjarald tyder dekketøy. Ordet er også brukt om større reiskap som dei brukte til dømes til ølbrygging. Uansett har det med matlaging i gjere, seier Judith Hegrenes frå Jølster. Del 52 - kjarald

Å gjera ein unge

- Uttryket tyder at du sener ein unge på butikken eller stølen for å gjere eit ærend. Eg har berre høyrt uttrykket brukt her i Årdal, seier Bjørn Årebru. Del 51 - å gjera ein unge

Brokle

- Brokle kan vere eit kvinnfolk som er føre seg - gjerne litt frekke. Det kan vere både positivt og negativt, seier Åge Eikeland frå Svelgen. Del 50 - brokle

Skøytelaus

- Ordet tyder å vere uforsiktig. Eg har høyrt ordet brukt i Indre Sunnfjord, fortel Judith Hegrenes, som bur i Angedalen i Førde. Del 49 - skøytelaus

Treneve

- Treneve betyr ein som er ubrukeleg til praktisk arbeid. Ein som gjer så godt han, men får det ikkje til med nevane. Ordet blir brukt i heile Sogn, seier Svein Inge frå Leikanger.   Del 48 - treneve

Linne i handa

- Linne i handa betyr at du er svak og veik i hendene og armane dine til vanleg. Skal du løfte noko tungt, så treng du hjelp. Ordet blir iallefall brukt i Hornindal, seier Anne Raftevoll frå Hornindal.   Del 47 - linne i handa

Visst den ting

- Visst den ting betyr eigentleg dersom. Til dømes: Visst den ting at eg skal på fjellet, må eg ta på meg solkrem. Dette er nok eit Sunnfjord-uttrykk, seier Judith Hegrenes som er frå Jølster, men bur i Angedalen. Del 46 - vist den ting

Å selje flesk

- Å selje flesk betyr at ein har for kort kjole. Underkjolen stikk rett og slett fram. Har ein då ein underkjole med fine blonder er det ikkje så gale å selje flesk, men det heiter seg at det var ikkje pent. Det var ikkje slik det skulle vere, alle måtte vere skikkeleg kledd, seier Anne Grethe Furrevik frå Solund. Uttrykket vart brukt Solund kommune. Del 45 - å selje flesk

Vårjele

- Vårjele er fregner som sprer seg i ansiktet, og som viser seg ekstra godt når våren og sola kjem. Det viser spesielt på dei med raudleg hår. Det er rett og slett eit vårteikn. For dei som vil bli kvitt problemet finnst det fleire råd, til dømes surmelk eller froskeegg. Uttrykket blir brukt på Bryggja, seier Roald Svoren frå Bryggja. Del 44 - vårjele

Hiskje

- Det betyr at det er litt "kulsig". Du har gjerne vore van med varme haustdagar og lite klede, men plutseleg ein dag er det kalde drag i lufta. Rett og slett ver til å bli forkjøla av. Uttrykket er iallefall brukt i Jølster, seier Atle Hamar frå Jølster. Del 43 - hiskje

Visekrøtel

"Han har vel ein visekrøtel å sende". Ein visekrøtel er ein sendemann som skal bringe bodskapen ut for andre som ikkje vil gjere det sjølv. Ordet vert brukt i Solund-området, seier Anne Grethe Furrevik. Del 42 - visekrøtel   

Pimp

Pimp blir brukt om ein gjeng med ungdommar som lagar mykje støy.Til dømes gjengen som ikkje kom inn på festen på lokalet og som bråka utanfor. Ordet er brukt i Bremanger-traktene, seier Ola Dyrstad. Del 41 - pimp

Fåming

- Du dreg gjerne litt på å'en. Di meir du dreg på den, di dummare vert fyren. Dette er ein fåmelt fyr som det er lite med. Eg trur uttrykket vert brukt i heile Sunnfjord, fortel Harald J. Stavang frå Florø. Del 40 - fåming

Kroppast

- Ikkje alt er like lett å snakke om. Men det å kroppast er vel eit anna ord for å ta nevling eit steg vidare. Å kroppast er vel det same som å øklsa seg, altså å ha seg seksuelt. Det vil seie å bruke kroppen i lag med andre, smiler Finn Tokvam frå Flåm. Del 39 - kroppast

Rompedrage

- Då dei slakta dyra heime før var det om å gjere å få ungane ut av vegen ei lita stund. Då var det så enkelt at dei gjerne sa at "å nei no har vi gløymt å hente rompedragen, kan ikkje deke springe å hente den?". Då var det å springe til naboen og spørje etter rompedragen. Enten oppheldt dei oss eller så var det å springe vidare til andre naboar. Naboane skjønte kva som var på ferde. Eg var sjølv med på hente rompedragen, men eg fekk aldri greie på kva det var for noko, fortel Kirsten Endal, som er oppvaksen i Hornindal. Del 38 - rompedrage

Resleie

- Ordet tyder å rettleie. "Hadde eg fått tak i han så skulle eg ha resleia han." Og då var dei ikkje heilt gode då dei sa det slik. Bestemor mi brukte uttrykket mykje, seier Magnhild Oppedal, opphaveleg frå Holsen i Førde. Del 37 - resleie

Nevla

- Det tyder vel å grafse, grise eller tafse. Det er eit negativt lada ord. Det er ikkje ei naudsynt handling. Du blir aldri beden om å nevla meir, seier Finn Tokvam frå Flåm. Han trur det vert nevla i heile i indre Sogn. Del 36 - nevla

Å gilde seg

- No til dags seier vi vel det at vi gler oss. Men å gilde seg, tyder at vi gler oss veldig til noko. Vil gildar oss til jul og vi gildar oss til 17. mai, seier Kirsten Endal. Ho er opphaveleg frå Hornindal, men bur no i Davik. Ho fortel at det er sjeldan ho høyrer uttrykket brukt i dag, men då ho oppvoks opp i Hornindal var det ein del av daglegtalen. Del 35 - å gilde seg

Omvøle

- Ei omvøle er å ordne på noko, men det er ikkje særleg varig. Uttrykket kan brukast om noko som ikkje er skikkeleg gjort, fortel Magnhild Oppdal frå Viksdalen. Omvøle vert brukt i Holsen og i Viksdalen. Del 34 - omvøle

Inkåleisn

- Inkåleisn betyr at du er uflidd. Du kan til dømes seie at "han kom inkåleisn". Då kom han kanskje litt sjaskete kledd og var kanskje ikkje heilt reinvaska. Uttrykket kan også brukast til dømes i samband med skigåing, "han kom inkåleisn nedover bakkane". Då er det ein stil med ujamn skiføring og stavane rett ut, fortel Rasmus Mo som bur i Sogndal. Uttrykket inkåleisn vert brukt frå Leikanger og innover i Sogn. Del 33 - Inkåleisn

Å skøyte leta

- Uttrykket vart alltid sagt i ein spørjande eller bedande tone, og tyder "gje meg eg ei hjelpande hand", fortel Roald Svoren frå Bryggja. Han har uttrykket frå foreldra sine. Del 32 - å skøyte leta

Brakesjite

- Brakesjite betyr det same som å fise når du sete deg ned. Så har vi og eit uttrykk viss det vert litt mykje "at han site å brakesjite". Dette er ein kraftig promp, humrar Tore Hillersøy. Ifølgje han er uttrykket bruket i Bulandet og på Værlandet. Del 31 - brakesjite

Herva

Ordet kan brukast på to måtar. Du kan seie at du teke deg ei herva - og får noko gjort. Eller så kan du seie at du gir nokon ei herva. Det vil seie at du gir dei ei skjennepreike, fortel Annbjørg Geithus Lereim, som er fødd og oppvaksen i Vik, men som no bur på Kaupanger. Del 30 - herva

Fesje

- Ordet betyr rett og slett jente eller jentunge. Mor ropte til dømes at vi skulle gå ut og hente fesjene til middag eller liknande. Då skulle jentene inn til middag. Vi brukte ordet frå vi var små til vi vart konfirmerte, fortel Ester Løvland, som meiner uttrykket vert brukt i indre Nordfjord. Del 29 - fesje

Topse

- Vi har mange uttrykk for vaskefille. Det er både tue, fille, vaskefille, men vi seier topse, fortel Tore Hillersøy frå Bulandet. Del 28 - topse

Kreksa

- Kreksa er eit saltande godt uttrykk på ein person som ikkje klarer å halde seg på føtene, sjølv i edru tilstand. Til dømes ein treneve på ski som ramlar heile tida, fortel Geirmund Henjum, som meiner uttrykket vert brukt i Leikanger- og Sogndalsområdet. Del 27 - kreksa

Bastek

- Vi brukar ordet når vi slepper kyrne ut om våren. Då har vi uttrykket "dei sler seg basteke". Det tyder at dei er viltre, balstyrige eller urolege. Ordet kan også brukast på overlegne menneske. Det er ikkje lenger en to veker sidan eg høyrde ei eldre dame litt fornærma sa "der er ei ordentleg skithøne, eg helste på ho, men ho svarte meg ikkje, ho for så basteke så eg ikkje skulle vere verdt skite vatn". Det vert også brukt i tydinga svær, som til dømes om ein person som utfører arbeidet hurtig. Ordet har altså fleire tydingar, fortel Kjell Henden frå Sandane. Han har høyrt ordet brukt i midtre Nordfjord. Del 26 - bastek

Skotlåke

- Den var ei god skotlåke, seier vi. Det tyder ein jentunge som er vågasame, uredd eller uvøren. Ein friskus. Uttrykket brukte vi heime i min barndom og ungdom, fortel Gunnlaug Kjellevold som har med seg ordet frå oppveksten i Balestrand. Del 25 - skotlåke

Kate

- Det betyr ein gutunge rett og slett. Eg brukar uttrykket sjølv, men eg veit ikkje om ungdommane brukar det, fortel Målfrid Skaar, som meiner kate mest vert brukt i Fjaler. Del 24 - kate

Grautmål

- Vi brukte det vanlegvis då regnet trua og tørrhøyet skulle i hus. Då sa dei at i dag har vi ikkje tid til å lage middag. I dag får vi ta eit grautmål, og så får vi ta noko salt til kvelds. Eit måltid rett og slett. Ein kvelds som erstatta middagen, seier Kjell Henden frå Sandane. Han kjenner til at uttrykket vart brukt i midtre Nordfjord. Del 23 - Grautmål

Å fare me fær

- Ordet tyder at du ikkje skal vere beskjeden, du må ta til deg når du er i eit selskap, og ikkje fare ut døra utan mat. Eg har høyrt uttrykket frå tanta til mannen min her i Lavik, fortel Monica Tjønnås frå Lavik. Uttrykket vert visstnok også brukt i Viksdalen. Del 22 - fare me fær

Geis

I ordboka står ordet oppført som sterk lukt eller oppstøyt. Men lokalt i Sogn vert ordet brukt om alkoholande eller sterk lukt av etterbarberingsvatn. Men det finst og andre typar geis. Av damene kjenner du gjerne den søte vingeisen eller brennevinsgeis av mannfolka, fortel Odd Erik Vatlestad frå Sogndal, no busett i Bodø. Del 21 - geis

Fjåssen

- Fjåssen betyr at ein er i godt humør eller er oppglødd. Har du hatt ein god dag på jobb og fått til det du hadde tenkt å gjere, så har du god grunn til å vere fjåssen. Dette ordet vert iallefall brukt på Ålhus i Jølster, seier Arild Bruflot som bur på Ålhus. Del 20 - fjåssen

Bostehirr

- Dette er ein kverulant - ein som kranglar på det meste. Det er vel ein som er lett å få fyr på same kva slags emne det er snakk om. Viss du treffe på rette personen kan det ende med håndgemeng. Dette var eit uttrykk som vart brukt på nordsida av Stad og i Vanylven. Kor vidt det vart brukt i Selje, veit eg ikkje, men det er no nokre bostehirrar der borte og, fortel Arild Stokkevåg frå Stadlandet. Del 19 - bostehirr

Dretebølt

Utflytt årdøl, Svend Arne Vee, fortel om årdalsuttrykket Dretebølt. Det er eit mobbeord. Det er godslig mobbing, eller meir erting. Det er ikkje synonymt med dritsekk, men handlar meir om røff omsorg

Seier ein far til sonen sin; kom her vesle dretebølten min, så ertar han samstundes som han fortel kor han står på rangstigen. men samstundes viser det at han er glad i sonen. Del 18 - dretebølt

Kvess me dar e odde på

Dette uttrykket har vi vore borti før i denne serien (sjå lenger nede på sida). Den gongen var tydinga av uttrykket uviss. Men Dagfinn Hessevik frå Raudeberg trur dette kan vere tydinga:

- Eit verkty - ein syl eller kniv - som ein brukar lenger enn det skal brukast før det vert skjerpa. Dette er ei oppmoding om å slipe verktyet når det framleis er i ein slik tilstand at det kan setjast i stand. Det kan og tenkjast at uttrykket vert brukt i overført tyding, trur Hessevik. Del 17 - kvess me dar e odde på

Lerpeneva

Uttrykket betyr slepphendt. Viss vi til dømes skulle dekke bordet og sleppte eitkvart i golvet, då var vi lerpeneva, fortel Thorbjørg Birknes frå Byrknesøy. Del 16 - lerpeneva

Skoteslye

Ove Losnegård frå Dale har denne forklaringa på ordet. Viss du er ute og ror i ein færing og har ein passasjer som har sett anten i framskoten eller bakskoten, og ikkje er særleg villig til å ta i og ro, då har du ei skoteslye. Uttrykket kjem truleg frå ytre Sogn. Del 14 - skoteslye

Pretta

Erling Arvid Hovland, eller Elle, forklarar Lærdalsuttrykket pretta. Det er å halde moro eller ap med nokon. Ikkje så det går negativt ut over dei, men meir som ein spøk.
Del 13 - pretta

Sorphøne

Norvald Haaklau frå Haukedalen fortel om ordet sorphøne. Det var eit heimelaga leiketøy av tre og hyssing. Under leiken vart ofte eit rotete golv endå meir rotete, fordi leiketøyet virvla med seg ting. Også brukt i overført tyding. ”Det var no eigentleg ei ekte sorphøne”. Det var eit kvinnfolk som ikkje var så ryddig av seg. Haaklau meiner ordet var brukt i Jølster, Gaular og Førde, men at den yngre generasjon frå 30-40 år og nedover knapt nok veit kva det er for noko.
Del 12 - sorphøne

Trøme

Arne M. Sølvberg fortel om uttrykket trøme eller trøm. Det betyr eigentleg ein kant, og brukast saman med andre ord. – Å ta trømen føre. Då arbeider ein seg innover frå ein kant. Når ein til dømes tek opp poteter, begynner ein ikkje midt i åkeren, men begynner på kanten – tek trømen føre. Det same gjeld når ein slår eit jorde med ljå. Uttrykket er brukt i Nordfjord. Er også brukt i Sunnfjord, men då med o og dobbel m - tromme.
Del 11 - trøme

Strinne

Eldbjørg Njøs frå Hermansverk fortel om det komplekse uttrykket «strinne». Ordet betyr tosken eller dumme. Kan brukast i alle samanhengar, og vere både positivt og negativt alt etter korleis ein brukar ordet.

«Du er bra strinne». Litt flørtande sagt at ein person er teit eller artig. - Eg ville teke det som eit kompliment, seier ho. Vel og merke viss du seier det til ein person. Seier du det om han viss han er vekke, er det derimot ikkje bra.

Uttrykket er brukt i Leikanger, Systrond og Hermansverk. - Andre vil ikkje bruke det fordi dei då kan bli teken for å vere frå Leikanger. Brukt mest av ungdom.
Del 10 - strinne

Blåstøde

Arne M. Sølvberg fortel om nordfjorduttrykket blåstøde. Det er når det regnar på finkorna laus snø, så snøen verkar som ein svamp der fotavtrykka blir ståande igjen som blåmerke. Ein slags snøsørpe.
Del 9 - blåstøde

Tverrbrand

Norvald Haarklau frå Haukedalen i Førde kommune har forklaringa på dette ordet. - Ein ekte tverrbrand er ein vanskeleg person som ikkje er einig med andre enn seg sjølv. Viss ein tenkjer over det, så har dei fleste bygder ein tverrbrand i ei eller annan form. Ordet tverrbrand vert brukt i Haukedalen og områda rundt.
Del 8 - tverrbrand

Tattlande

Jens Brekke seier at ordet tattlande vert brukt i Vik i Sogn. Det å komme tattlande betyr at det er ei form for framdrift til fots eller på ski. - Om du kjem tattlande så kan det vere at du kavar litt. Framdrifta er ikkje alltid så stor, som til dømes uelegant gange eller bakglatte ski. Det gjev ikkje så mykje fart, men innsatsen er god. Ordet har altså litt medynk i seg, seier Brekke.
Del 7 - tattlande

Kvesmedaren oddepå

Kenneth Svoren frå Måløy er ein av dei som bruker dette uttrykket. - Eg veit ikkje kva det betyr. Eg har spurt mange eldre folk, men det er ingen som kan hjelpe. Men det er eit såpass tøft uttrykk av vi brukar det når vi føler at det passar. «Kvesmedaren oddepå» har eg berre høyrt i Måløy, seier han.
Del 6 - kvesmedaren oddepå

Kedde

Knut Magnussen frå Florø forklarar kva ordet kedde betyr. - Det betyr å stele, vi brukte det når vi gjekk på epleslang. Vi gjekk på eplekedde, vi gjekk aldri på slang. Kedding var aksepert, og dei aller fleste ungar gjekk på eplekedde. Ordet kedde vart brukt i Florø sentrum, seier han.
Del 5 - kedde

Måsavettrang

Jens Brekke frå Vik fortel om uttrykket måsavettrang. Det er ein karakteristikk på folk som er unge og tynne.

- Viss dei eldre ser ein ungdom som er stort sett skinn og bein, så seier dei om han «Det der var meir som ein måsavettrang.» Uttrykket kjem frå den tida det gjaldt å halde liv i mest mogleg dyr om vinteren. Ein vettrang var ein vintergammal oksekalv. Ein måsavettrang betydde at han var fora på simpel kost, gjerne mose. Brukt i Midtre Sogn. I alle fall rundt Vik, seier Brekke.
Del 4 - måsavettrang

Ein kvestra astra

Brukt i Jølster. Atle Hamar seier han ikkje veit heil kor daglegdags det er no, men meiner urinnbyggjarane i Jølster vil skjønne uttrykket. Det betyr Ein eller annan stad.

- Spurde eg bestemor kor Tempoheftet mitt låg, så ville hos svart «det ligge no vel ein kvestra astra», viss ho ikkje visste kor det låg, seier Hamar.
Del 3 - ein kvestra astra

Sjådde

Nummer to ut er uttrykket sjådde. Kristen Moen frå Rygg forklarar:

Var brukt i Gloppen når det var lag med mange folk, slik som bryllaup. «Sjådden stod i taket.» Då var det god stemning, og du høyrde jammen av folk. Også brukt om ungar når dei bråkar. No må dåke ikkje holde slik sjådde.
Del 2 - sjådde

Ilåga

Det første ordet i serien er ilåga. Anne Hæreid frå Øvre Årdal har denne forklaringa:

- Ei ilåga er noko som har hendt, noko som er forferdeleg, voldsomt. Då seier vi «for ei ilåga dette vart». Eller viss du har sagt noko som ingen er einige i og det vert ein diskusjon. Då kan du etterpå seie Ja, det vart litt av ei ilåga då eg fortalde dette.

Uttrykket vert brukt i Årdal. - Det er helst dei eldre årdølene som brukar dette, og i tillegg er vi nokre som held på dialekta, seier ho.
Del 1 - ilåga