Hopp til innhold

Spente ordførarar før folkerøysting

Måndag skal innbyggarane i sju sognekommunar seie si meining om kommunesamanslåing. Spente ordførarar håpar på godt oppmøte og klare signal frå innbyggarane.

Harald Offerdal, Roy Egil Stadheim og Jarle Aarvoll

KOMMUNESAMANSLÅING: I dag er Harald Offerdal (Ap), Roy Egil Stadheim (Ap) og Jarle Aarvoll (Ap) ordførarar i kvar sin kommune. I Framtida kan dei alle høyre til same kommune.

Foto: Montasje: Tone Merete Lillesvangstu/Noralv Pedersen / NRK

– Det er klart ein er ganske spent, seier Harald Offerdal, som er ordførar i Balestrand.

Innbyggarane hans har tre alternativ å velje mellom når dei går til valurnene på måndag.

Dei som ynsker at Balestrand skal slå seg saman med andre, kan velje mellom ytre og indre Sogn.

– Eg har vel eit inntrykk av at dei fleste innbyggarane i Balestrand ynskjer seg innover mot Vik, men det er vanskeleg å føresjå noko resultat.

Håpar på godt oppmøte

I Balestrand forventar ordføraren at det blir godt oppmøte ved valurnene.

– Det var kring 300 som kom på folkemøtet, og når om lag 22 prosent av innbyggjarane kjem på eit folkemøte, så forventar eg bra oppmøte på folkerøystinga og, seier Offerdal.

Bra oppmøte håpar også sogndalsordførar Jarle Aarvoll på.

– Det beste som kan skje er at vi får eit tydleg signal.

– Vert du skuffa om det blir dårleg oppmøte?

– No har ikkje engasjementet om kommunereforma vore spesielt stort til no, sjølv om det har auka litt den siste tida. Det har vel synt seg i andre kommunar, der det har sett ut til å gå mot eit fleirtal for samanslåing og i dei store kommunane, at valdeltakinga har vore låg. Ein kan vel håpe på ei deltaking opp mot det som er vanleg ved kommune- og Stortingsval, men det er eit men her.

Aarvoll har ei klar oppfordring til innbyggarane sine.

– Bruk røystretten. Gå til valurnene og sei di meining. Dette handlar om framtida vår.

Kart folkerøysting Sogn

Skal også velje fylke

For fleire av kommunane, kan valet også verte eit val av nytt fylket. Det gjeld kommunane Aurland, Gulen og Vik. I Vik har eit knapt fleirtal av ungdomsskuleelavne allereie sagt frå om at dei vil at Vik skal halde fram som sjølvstendig kommune . Det trur ordførar Roy Egil Stadheim fort kan vere representativt for dei vaksne innbyggarane også

– Skulevala er ofte ei rettesnor, men ser du på resultatet frå skulevalet, så vart det 52 – 48. Det er eit jamt løp som også kan spegla resten av kommunen.

Vik er ein av kommunane der valet også får noko å seie for framtidig fylkestilknyting.

– Det er det nok sannsynlegvis ein del folk som tenker på, at dersom vi søker sørover så må vi byte fylke, og at det er det ikkje alle som er innstilte på, seier Stadheim.

Som dei andre ordføraren kjenner han på spaninga framfor avrøystinga måndag.

– Det er klart det er spanande. Det er noko som ein har tenkt mykje på, kva resultat blir når ein har talt opp røystene måndag kveld.