No får dei flytte til Høyanger

Bygdefolket på Nessane i Balestrand er blitt høyrde. I dag bestemte kommunaldepartementet at dei får skifte kommune til Høyanger frå 1. januar 2020.

Gunn Linde (til venstre)

GLAD, MEN LIKEVEL TRIST: Gunn Linde (t.v.) er glad for vedtaket om å byte kommune, men sjølv synest ho det er trist at hennar eigen familie likevel vert verande i det som vert Sogndal kommune. Dette biletet er teke under eit møte Balestrand kommunestyre, der fleirtalet sa nei til flyttinga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Avgjerda til departementet betyr at grunnkrinsen Nesse altså vert flytta frå Balestrand til Høyanger kommune, samstundes som Balestrand vert ein del av nye Sogndal kommune.

Men vedtaket inneber at grendene Sæle og Lindane lengst aust i krinsen ikkje vert flytta. Grensa vil gå ved Tussviktunnelen.

Vedtaket er endeleg, og kan ikkje klagast på.

– Det er ei gladmelding for bygdene Nessane og Lånefjorden no får høyre til Høyanger som er eit mykje meir naturleg val geografisk for oss, seier Gunn Linde.

Får ikkje flytte sjølv

Ho er ei av dei som har kjempa for å få skifta kommune. Men sjølv vert ho buande i Balestrand, og det som seinare skal verte Sogndal kommune. Grunnen er altså at departementet ikkje vil flytte gardane som ligg lengast aust i Nessane krins.

– Det synest eg er veldig trist. Det betyr at bygdelaget vårt vil verte splitta mellom to kommunar, seier ho.

Bakgrunnen for kravet om å få skifte kommune er at innbyggjarane på Nessane vil få kortare veg til det nye kommunesenteret i Høyanger enn til alternativet Sogndal. Ei innbyggarundersøking frå Telemarksforsking syner at 98 % av dei som bur i Nessane er positive til å bli ein del av Høyanger kommune. I same rapport kjem det fram at Balestrand vil tape 6 millionar i årlege inntekter dersom Nessane byter kommune.

Nessane

PÅ FLYTTEFOT: Nessane med hjørnesteinsbedrifta Nesseplast vert om eit drygt år ein del av industrikommunen Høyanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vanskeleg sak for departementet

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan det er gode argument frå både Nessane Grendelag og frå kommunane som no skal bygge nye Sogndal, seier kommunalminister Monica Mæland (H).

– Eg har lagt avgjerande vekt på at denne endringa vil gje innbyggarane i Nesse krins ein betre kvardag med enklare tilgjenge til kommunale tenester, seier statsråden.

Departementet sitt vedtak om grensejusteringa er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Statssekretær Aase Marthe Horrigmo (H) seier departementet har lagt særleg vekt på innbyggjarane sine ønske og bruk av kommunale tenester.

– Eg forstår at Balestrand kommune reagerer på å miste ein del av innbyggjarane til Høyanger kommune. Det er gode argument både frå innbyggjarane som tok initiativet til grensejusteringa, frå Balestrand og frå fellesnemnda for nye Sogndal, seier ho.

Taper 6,3 millionar

Samstundes som Balestrand-ordførar Harald Offerdal (Ap) forstår innbyggjarane på Nessane, er han skuffa over avgjerda til departementet.

Først har departementet vedteke ei tvangssamanslåing, og no deler dei opp den same kommunen, seier Offerdal.

– Dette får følgje for nye Sogndal kommune. Vi får eit nettotap i inntekter på 6,3 millionar kroner. Balestrand har allereie i dag eit fullverdig tenestetilbod, men vi styrer etter marginale rammer, seier han.

Får 100 nye innbyggjarar

Petter Sortland

GLAD ORDFØRAR: Petter Sortland i Høyanger.

Foto: Privat

I Høyanger sit ordførar Petter Sortland (Ap). Han er glad for avgjerda.

– Det er kjekt at vi får nye innbyggjarar. Vi ønskjer dei hjarteleg velkomne, seier ordføraren.

– Kva betyr dette vedtaket for kommunen din?

– Det betyr vel i overkant av 100 nye innbyggjarar og at fleire gode bedrifter i Nessane-området vil sokne til Høyanger.

FÅR BYTE: Nessane i Balestrand kommune ligg midt mellom kommunesentera Balestrand og Høyanger. No får dei bytte til Høyanger kommune.