Hopp til innhold

Politikarane ville høyre meininga, no har dei fått den

Fleirtalet av ungdomselevane i Vik ynskjer at kommunen ikkje skal gå inn i noko storkommune. – Eg håpar politikarane lyttar til oss, seier Ingvild Berge Feidje.

Vik sentrum

SEIER SITT: Måndag går innbyggjarane i Vik kommune til valurnene for å seie sitt om kommunereforma. Torsdag sa ungdomsskuleelevane sitt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ungdomsskuleelevane ved Feios og Flatbygdi skular gjekk torsdag til valurnene for å seie sitt om kommunereforma.

52,7 prosent røysta mot samanslåing. Resten røysta for eitt av dei to alternativa til storkommune. Ordføraren hadde venta større fleirtal.

– Skuleval er alltid interessant og gir oss ein mal å gå etter. Eg har snakka med ein del ungdomar, og har inntrykk av at dei ynskjer å stå åleine. Så eg er overraska over at det vart så jamt, seier fungerande ordførar, Roy Egil Stadheim (Ap).

Ser aust- og sørover

Elevane røysta på å stå åleine, slå seg saman med Aurland og Voss eller å slå seg saman med Balestrand, Leikanger og Sogndal. Av samanslåingsalternativa fekk det minste alternativet 38,5 prosent.

Roy Egil Stadheim, Jarle Aarvoll Jon Håkon Odd og Harald Offerdal

SPENTE: Ordførarane Roy Egil Stadheim (f.v.), Jarle Aarvoll Jon Håkon Odd og Harald Offerdal får måndag vite kva innbyggjarane tenkjer om kommunesamanslåinga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Berre 8,8 prosent røysta for samanslåing med naboane på nordsida av Sognefjorden. Rektor Ole Jørgen Øygarden ved Flatbygdi skule seier ungdomane er engasjerte.

– Du høyrer det når du møter elevane i gangen og i klassane. Dei har mykje med seg heimanfrå, og har klare standpunkt. Men så er det også deira framtid som gjeld, så det eit utruleg viktig val for framtida, seier han.

Vil bli høyrde

Valet vart initiert av kommunen, men arrangert av elevrådet i samarbeid med skulen.

Elevrådsrepresentant og medlem i ungdomsrådet, niandeklassingen Ingvild Berge Feidje ved Feios skule, meiner det var viktig å gjennomføre avrøystinga.

Ungdomsrådet i Vik

ENGASJERTE: – Kommunereforma er ofte diskutert i ungdomsrådet, og det er delte meiningar også der, seier Ingvild Berge Feidje (nummer tre frå venstre).

Foto: Privat

– 10.-klassingane kan røyste på måndag, men det er viktig også for dei andre ungdomsskuleelevane å bli høyrde. Det er vi som skal bu i Vik seinare, og då må vi få seie vårt, seier ho og vedgår at ho sjølv røysta for å stå åleine.

Spente

Under folkemøtet 10. mai bad politikarane om røysta til ungdomane. Den har dei no fått.

– Eg håpar politikarane høyrer på rådet, men eg trur at nokre er veldig bestemte, seier ho og deler den store spenninga som er knytt til måndagens folkerøysting i Vik.

Ordførar Stadheim trur engasjementet blant ungdomane speglar av engasjementet blant resten av innbyggjarane i kommunen.

– Eg trur denne meininga speglar resten av befolkninga i Vik. Og eg trur det blir jamt også på måndag, seier Stadheim.