Hopp til innhold

Soknepresten i Jølster vart stoppa av uvêr og ras

Både lekmann og prest fekk trøbbel då dei store nedbørsmengdene førte til jordskred over E39 laurdag kveld. I dag måtte soknepresten avlyse gudstenesta.

Silje Sørebø og ras på Vassenden

KOM SEG IKKJE FRAM: Sokneprest Silje Sørebø måtte innsjå at det ikkje kunne bli noko gudsteneste på Vassenden i dag.

Foto: Torje Bjellaas / arkiv / NRK

Naturkreftene spelte ikkje på lag med sokneprest Silje Sørebø denne helga. Ho er busett på Ålhus i Jølster og har vanlegvis berre nokre minutt å køyre til Vassenden. Men E39 blei stengd på grunn av jordskred. Ny vurdering blir gjort der klokka 16.

– Du skulle hatt gudsteneste på Vassenden i dag, men du måtte rett og slett gje tapt for «vêrgudane»?

– Hehe, ja, vi valde i alle fall å avlyse på Vassenden i dag. Det er jo stengde vegar både på nordsida og sørsida. Så om prest og organist skulle ha kome seg ned, så måtte vi ha brukt båt på Jølstravatnet, seier soknepresten til NRK.

Båt blei vurdert, men presten tenkte at dei ikkje burde oppmuntre andre om å reise ut slik vêret er på Vestlandet akkurat i dag.

– Så kan ein heller høyre på radiogudstenesta i dag, meiner Silje Sørebø.

Kraftig vind og nedbør har skapt problemer flere steder i Sør-Norge denne helgen.

SJÅ VIDEO: Kraftig vind og nedbør skapte problem fleire stadar i Sør-Noreg denne helgen.

Sov seg gjennom stormen

Vogntogsjåfør Geir Thomas Øren frå Florø var den første som kom til rasstaden på Vassenden laurdag kveld.

Han varsla politiet, men kom seg ingen veg og måtte tilbringe natta i bilen.

– Men det gjekk heilt fint. Eg sov som eit spedbarn, eg søv best når det regnar, seier Øren til NRK.

På Jølster må soknepresten også innsjå at den planlagde orgelkonserten i kyrkja på Helgheim også blir avlyst.

– Vi skulle ha jubileum for at orgelet i kyrkja er 40 år, men den konserten har vi utsett til seinare, fortel Silje Sørebø.

Som prest møter ho mange både i glede, sorg og ikkje minst i kvardagslivet. Ho forstår godt at mange blir uroa når uvêret slår til slik som i helga.

– Det er klart at etter dei hendingane vi hadde på slutten av sommaren, så er vel folk litt ekstra varsame også. Eg tenker at det er normalt at vi er litt meir bekymra og tar litt meir forholdsreglar og kjenner litt på det.

Mange ungar samla til kurs

På rasråka Vassenden var det i helga samla kring 100 ungdomar til kurs i 4H, men alle var trygge i kurslokala og på skulen der dei budde.

– Vi følgde godt med og vêret og raset var diskusjonstema blant alle i går kveld og i natt. Men alle har det fint, fortel vaksenleiar Stella Birthe Poland frå Hornindal.

Den store utfordringa no er få alle deltakarane trygt heim. Nokon blir henta av foreldra og må køyre lange omvegar, andre må vente til E39 opnar att for å ta buss.

– Det går alltid an å finne på noko, vi skal ha det kjekt å prøve å få tida til å fly. Ingenting dempar 4H, vi har det gøy uansett, forsikrar Poland.

Stella Birthe Poland på 4H-kurs

SØKTE LY FOR REGNET: Stella Birthe Poland er leiar i 4H og sørga for at alle dei unge på kurs hadde det kjekt og trygt inne når uvêret herja.

Foto: Oddleif Løseth / NRK