Hopp til innhold

– Ein bør faktisk sjekke om vegen er stengd før ein legg ut på tur

Om du skal over fjellovergangane i Sør-Noreg i dag må du vere førebudd på snø, kraftig vind og byer. I natt blei det målt sterk storm på kysten. E39 er framleis stengd på Vassenden.

Sognefjellet stengd på grunn av snø og uvêr

HEILT KVITT: På Sognefjellet og fleire andre høgareliggande strekningar har snøen lagt seg.

Foto: Statens vegvesen

– Ein bør faktisk sjekke om vegen er stengd før ein legg ut på tur. Det er veldig mykje vind i fjellet og kraftige snø- og sluddbyer, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til NRK.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet blei stengd alt laurdag kveld og kjem neppe til å bli opna i dag med det vêret som er meldt utover søndagen. På bileta frå Sognefjellet og andre fjellovergangar kan ein sjå at snøen har lagt seg både i terrenget og i vegbana.

– Det er ikkje venta noko stigande temperatur, den er heller på veg nedover. Det er ein kaldfront som har passert igjennom. Snøgrensa er synkande og i kveld kjem den til å ligge på 900 – 1200 moh., seier Selberg.

Store nedbørsmengder førte i går kveld til jordskred, overvatn og ei rekke stengde vegar på Vestlandet. Blant anna er E39 framleis stengd ved Vassenden i Jølster på grunn av eit stort ras i Årsetelva.

FOTO: Rune Molvik/Rakel Apneseth

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Meteorologisk Institutt har søndag føremiddag følgjande status på situasjonen i Sør-Noreg:

Rogaland:

  • Gult farenivå for flaum og jordskred i deler av fylket.

Hordaland:

  • Oransje flaumfare for heile fylket.
  • Oransje nivå for jordskredfare i midtre og indre deler av fylket.
  • Gult farevarsel for mykje regn i heile fylket.

Sogn og Fjordane:

  • Oransje farenivå for flaum for deler av fylket
  • Oransje nivå for jord- og flaumskredfare for midte og indre deler av fylket.
  • Gult farevarsel for kraftige vindkast og mykje regn i byene.

Møre og Romsdal:

  • Oransje farevarsel for flaum for deler av fylket.
  • Oransje farevarsel for jord- og flaumskredfare for midtre og indre deler av fylket.
  • Gult farevarsel for mykje regn og kraftige vindkast

Agder og Telemark:

  • Oransje nivå for svært kraftige vindkast.

Fjellet i Sør-Noreg:

  • Gult farevarsel for mykje snø.

I dag er det særleg vinden som kan skape trøbbel mange stadar i Sør-Noreg, både aust og vest for fjella.

Sterkast vind i natt blei målt på Kråkenes fyr i Vågsøy i Sogn og Fjordane. Der var middelvinden oppe i 32,5 m/s på det sterkaste. Det er sterk storm.

Dette er same staden der ein fotograf i går gjekk ut på skjæra for å fotografere stormen, noko som fekk folk til å reagere sterkt.

På Gullfjellet i Bergen var det fram til midnatt kome 93,2 millimeter regn, medan Bergen sentrum fekk 66,6 millimeter.

– Den fronten som gav mykje nedbør i går har passert forbi oss. I dag kan vi vente oss vind frå rett vestleg retning som liten kuling og liten storm. Søndag blir det regnbyer, i tillegg er det utrygt for noko torden, fortel statsmeteorologen.

Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.

RYDDAR E39: Enorme vassmengder og lausmassar stengde E39 på Vassenden i Jølster. Søndag morgon var vegen framleis stengd.

Elva ved Svidalen i Jølster søndag morgon

GÅR HØGT: Elva i Svidalen går heilt opp under brua på E39 søndag morgon.

Foto: NRK-tipsar

Fleire vegar i Hordaland og Sogn og Fjordane er stengde søndag morgon og mange stadar er det meld om mykje vatn i vegbana på Vestlandet.

– Skal du ut å køyre i dag så kan det vere lurt å ta ein ekstra kikk på vêrmeldinga, og følgje med på trafikkmeldingar på 175.no, oppmodar trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen, Tore Tysse.

Rett før klokka 07.00 søndag morgon opna E16 mellom Bergen og Voss. Her er det manuell dirigering og leiebil. Vegen kan blir stengd på kort varsel.

Status på vegane klokka 12.45 søndag:

Hordaland:

  • Fv. 7 Kvanndal – Gravin: Open
  • Fv. 103 Eidfjordelv bru, på strekninga Eidfjord – Simadal: Opna kl. 13.00
  • Fv. 550 Bjotveit: Opna kl. 12.00
  • Fv. 314 Bergsdalen ved Storfossdammen fremdeles stengt. Det er betydelige mengder med massar som har komme ned. Forventa stengd nokon dagar. Blir vurdert på måndag kl. 12.00.Fv. 541 ferjestrekninga Buavåg-Langevåg, på strekningen Nyheim – Ekornsætre: Innstilt på grunn av uvêr.

Sogn og Fjordane:

  • Fv. 50 ved Vassbygditunnelen i Aurland, stengd på grunn av ras.
  • E39 ved Vassenden i Jølster: Stengd på grunn av flaum. Ny vurdering kl. 16.00.
  • Fv. 8 Åkre, på strekningen Oppedal – Hest: Stengd på grunn av fare for ras. Omkøyring via fv. 92, Stordalen. Ny vurdering kl 14.00.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.
  • Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg: Fergesambandet innstilt på grunn av dårleg vêr.
  • Fv. 92 Arnafjord – Vikøyri: Stengd på grunn av fare for ras. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering kl. 08.00 måndag.
  • Fv. 331 Urnes – Skjolden: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 18.00.
  • Fv. 451 Kjøsnes – Vassenden: Stengd på grunn av flaum.
  • Fv. 606 ferjestrekninga Losna-Krakhella: Fergesambandet er innstilt.
  • Fv. 609 Heilevang, på strekninga Askvoll – Førde: Stengt på grunn av fare for ras. Ny vurdering kl. 17.00.
  • Fv. 615 Tjøtaelva, på strekningen Storebru – Sandane: Opna 12.30.
  • Fv. 616: Endal, på strekningen Smørhamn – Isane: Stengt på grunn av jordras. Ny vurdering kl. 18.00.
  • Fv. 691 Gjengedal: Vegen er stengd. Ny vurdering kl. 17.00

Møre og Romsdal:

  • Fv. 61 Trollstigen, stengd på grunn av fare for ras og skred.
  • Fv. 63 Geiranger – Langevatn, stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.

Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen finn du her.

Både Hurtigruta, Fjordline og DFDS kansellerer avgangar og stopp på grunn av vêret.

Opprydding på E39 på Vassenden

RYDDAR OPP: Arbeid på E39 på Vassenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK