Hopp til innhold

Søket i Jølstravatnet har teke lenger tid enn venta

Søk med metalldetektor avdekka måndag ein to meter brei metallgjenstand på nær 180 meters djupne i Jølstravatnet. Det er uvisst om dette er bilen til sakna.

Søket etter sakna i Jølstravatnet.

FUNN: Norwegian Tunnel Inspection byrjar no arbeidet med å fjerne massane som ligg rundt den kring to meter lange metallgjenstanden som kan vere bilen til mannen som er sakna etter raset i slutten av juli.

Foto: Politiet

Det melder politiet i ei pressemelding.

I nær ei veke har selskapet Norwegian Tunnel Inspection søkt på botnen etter bilen som i sommar vart teken av ras på sørsida av Jølstravatnet . Bilføraren er framleis sakna etter raset i slutten av juli .

Torbjørn Thue

INNSATSLEIAR: – Prioriteten vår er å få bekrefta eller avkrefta at det er bilen, og parallelt med dette få hekta noko i gjenstanden slik at den ikkje går lenger ned i botnen, seier innsatsleiar for politiet, Torbjørn Thue.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Politiet har fått nær ein million kroner til arbeidet, som var venta å ta ei til to veker.

Måndag ettermiddag fann selskapet ein kring to meter brei metallgjenstand. Den var ikkje synleg over botnen, og ligg gravlagt under rasmassane.

Politiet kan per no ikkje seie sikkert kva gjenstand det er.

– Vi har no markert funnstaden og vil i løpet av dagen starte arbeidet med å fjerne ein del massar rundt metallgjenstanden for å finne ut kva det er, seier innsatsleiar Torbjørn Thue i Vest politidistrikt.

Ligg nede i botnen

Søket etter sakna i Jølstravatnet

SØKJER: Norwegian Tunnel Inspection har i ei veke arbeidd med å undersøke botnen i Jølstravatnet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Thue opplyser at posisjonen til gjenstanden som no er lokalisert, er så godt som den same som dei fekk utslag på i sommar. Det som truleg er bilen til den sakna har truleg sokke ned i botnen, noko som igjen kan tyde på at massane er ustabile.

– Det er god grunn til å tru at det er same gjenstand, men den er umogleg å sjå på kamera og sonar, seier han.

Gjenstanden ligg på kring 180 meters djupne, 600 meter ute i Jølstravatnet. Det er uvisst kor djupt i botnen.

– Det kan vere ti centimeter, og det kan vere ein halvmeter. Det kan også vere eit problem at gjenstanden kan søkke vidar når vi byrjar å fjerne massane, slik at ein vurderer no å feste noko til gjenstanden for å hindre dette, seier Thue.

Har teke lenger tid

Søkjer etter bil i Jølstravatnet

ROV: Ein miniubåt, ein sokalla ROV, blir nytta i søket i Jølstravatnet.

Foto: Politiet

Politiet opplyser at dei truleg i ettermiddag byrjar å fjerne massar rundt funnet, og at arbeidet med å heve det som truleg er bilen til sakna.

Arbeidet med å lokalisere funnstaden frå i sommar har teke lenger tid enn venta. Dette sjølv om staden var merka og sikta under vatnet har vore betre enn i sommar.

– Oppdraget var å gå ned og berre finne gjenstanden, men dagane sidan onsdag har gått med på å lokalisere det vi fekk utslag på i sommar, seier Thue.

– Ressursar ingen hinder

Sikta blir truleg dårlegare når arbeidet med å fjerne massar startar. Massane skal fjernast med ein kompressor festa til miniubåten, slik at ein får festa løfteutstyr på gjenstanden.

– Arbeidet er forseinka, og korleis passar det inn med budsjett og den tida ein har til rådigheit?

– Det er vanskeleg å seie, men får vi stadfesta at det er bilen, så er det ikkje snakk om avgrensingar i høve til ressursbruk. Då skal vi gjere det vi kan for å heve den til overflata.

– Korleis har dei pårørande tatt meldinga om funnet?

– Dei er veldig letta over at vi har funne gjenstanden, men dei er også budde på at det kan vere noko anna enn bilen.