Hopp til innhold

Slik minnest familien Ingar som blei tatt av raset i Jølster

JØLSTER (NRK): Blomar, kransar og eit handlaga skilt vitnar om tragedien. Det var Ingar Sægrov (55) som mista livet då raset gjekk i Jølster 30. juli, men han er framleis ikkje funnen.

Ingar Sægrov og minnelund i Jølster

MINNEST INGAR: Ingar Sægrov døydde då bilen hans blei tatt av eit ras i Jølster 30. juli i år. På gravplassen har barnebarna sett opp eit skilt til minne om bestefaren.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

På gravplassen i Jølster har små barnehender laga til sitt minne om faren og bestefaren. Ingar Sægrov blei offer for naturkreftene då enorme nedbørsmengder opna seg over Jølster i juli.

Då E39 blei stengd, køyrde han og fleire andre omkøyringsvegen på sørsida av Jølstravatnet. Der gjekk raset som tok med seg bilen til Sægrov.

No har politiet fått eit firma til å ta på seg jobben med å heve bilen frå 170 meter djupne i vatnet.

– Dei pårørande var glade og letta for denne beskjeden, seier sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Fredag samla familie og vener seg til minnestund for Ingar Sægrov i kyrkja på Helgheim.

– Familien kom først, sa dottera Charlotte Sægrov i kyrkja og fortalde om ein far som var glad i og stolt over barn og barnebarn.

– Bygda har stått saman

Prest Silje Sørebø fortel om ei verdig og fin minnestund for ein mann som betydde mykje for mange. Ekstremvêret og raset som tok liv har prega Jølster.

– Både den første sjokkmeldinga at det var ein som var tatt av raset, når vi lenge hadde håpa det ikkje var det, seier Sørebø til NRK.

Ho er imponert over korleis samfunnet har stått samla, og støtta familien i ein sår tid.

– Jølstringane har verkeleg stilt opp for dei, og vist si støtte. Bygda har stått saman.

At det endeleg har kome pengar til å heve bilen er viktig for familien.

– Då kan dei på ein måte få avslutta delar av den prosessen dei har vore i no i haust, seier ho.

Startar hevinga av bilen

Hevinga av bilen startar 11. november, men Arne Johannessen i politiet vil ikkje garantere at dei klarer å finne Ingar Sægrov.

– Vi håpar at den omkomne mannen er i bilen, men dette er det ingen garanti for. Vi veit ikkje om mannen er i bilen eller ikkje, seier Johannessen.

Ingar Sægrov lèt etter seg seg ektefelle, tre barn og tre barnebarn.

Helgheim kyrkje i jølster var i dag fylt til randen, under minnestunden for den sakna familiefaren Ingar Sæbø.

VERDIG MINNESTUND: Familie og vener samla seg i dag til minnestund i Helgheim kyrkje i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Det var her den omkomne vart teken av ras den 30. juli i sommar.

ULUKKESSTADEN: Det var her den omkomne vart teken av ras den 30. juli i sommar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.

SLIK RÅKA UVÊRET: Meteorologisk institutt sin animasjon av ekstremvêret over Sunnfjord og Nordfjord tysdag 30. juli 2019.