Funn i Jølstravatnet etter sonar-søk

Politiet trur no at dei kan ha funne bilen til mannen som er sakna etter eit ras i Jølster førre tysdag

Leitemannskap har gjort funn med sonar i Jølstravatnet

HAR GJORT FUNN: Leitemannskap har gjort funn med sonar i Jølstravatnet.

Foto: Bård Siem / NRK

Onsdag kveld vart det funne ein større metallgjenstand på om lag 170 meter djupne, 660 meter ut i Jølstravatnet.

– I dag har vi gjort sonarsøk opp mot denne gjenstanden og ut over føremiddagen så har vi blitt svært sikre på at det er snakk om ein bil, seier regionlensmann Dag Fiske.

Sonarbileta viser eit tydeleg omriss av gjenstanden, men ut ifrå sonarbilete er det ikkje mogleg å seie om gjenstanden ligg i sjølve raset eller opp på raset.

Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord

VENTAR PÅ BETRE SIKT: Dag Fiske er regionlensmann i Sunnfjord.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Mest truleg ligg nok bilen noko nedgraven i raset, men sonarbileta er ikkje gode nok til å avgjere det, seier Fiske.

Det er framleis for dårleg sikt i vatnet til å ta undervassbilete og politiet kan dermed ikkje få undersøkt om det eventuelt er ein person i den antekne bilen.

Tatt av skred

Tysdag kveld var ein bil med ein mann i 50-åra teken av ras, då vegen på sørsida av Jølstravatnet var opna for å sleppe trafikk ut frå rasområdet på Vassenden.

I tida etter har frivillige og mannskap frå politi og Røde Kors søkt etter den sakna både i vatnet og i raset som gjekk over vegen.

Onsdag kveld fann altså leitemannskap ein større metallgjenstand i vatnet ved hjelp av sonar.

Det er denne båten som har vorte brukt i søket etter den sakna.

SØKJEBÅT: Denne båten har vorte brukt i søket etter den sakna.

Foto: Bård Siem / NRK

Dårleg sikt

– Vi må no rett og slett få betre sikt. Både med tanke på om bilen skal hevast og for å kunne sjå om det er ein person i bilen, seier Fiske:

Politiet jobbar no med prognosar for når dei vil få god sikt i vantet, men det vil truleg ta noko tid før sikta vil vere god nok.

– No er det som sagt null sikt. Då får vi verken festa på festereiskap eller gjort søk i bilen. Vi må diverre vente på at siktforholda i vatnet vert betre, seier Fiske.

– Kor lang tid kan det ta?

– Det er svært vanskeleg å seie. Det er noko vi må ha ei kontinuerleg oppfølging på. Den siste oppdateringa som eg har fått frå miniubåten er at sikta har betra seg ned til 50 meter, derifrå og ned til 130 meter var det null sikt, seier Fiske.