Hopp til innhold

Politiet får heve bilen som blei teken av ras

Bilen som blei teken av ras i Jølster i sommar blir heva i november. Ein 55 år gamal mann har vore sakna sidan bilen hans blei teken av eit ras under ekstremvêret.

Sørsida i Jølster

JØLSTRAVATNET: Bilen til den sakna mannen ligg på kring 170 meters djupne i Jølstravatnet i Jølster kommune.

Foto: TORJE BJELLAAS / NRK

– Dei pårørande var glade og letta for denne beskjeden, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Meldinga om hevinga kjem same dag som minnestunda for den 55 år gamle familiefaren.

Vest politidistrikt har no fått pengar til å heve bilen. I ei pressemelding blir det opplyst at arbeidet startar 11. november.

– Det er særs viktig for lokalsamfunnet, familie og pårørande at bilen vert heva, seier Johannessen.

Politiet har lyst hevingsarbeidet ut på anbod. Eit firma frå Arendal har fått oppdraget.

– Firmaet vil starte med arbeidet 11. november, seier Johannessen.

Bilen ligg på kring 170 meters djupne i Jølstravatnet. Totalprisen for oppdraget er 991 113 kroner.

– Vi håpar at den omkomne mannen er i bilen, men dette er det ingen garanti for. Vi veit ikkje om mannen er i bilen eller ikkje, seier Johannessen.

Det var i 30. juli at det gjekk fleire ras i Jølster. 150 personar blei evakuerte, og kommunen vart delt i to av ei rekke ras. På sørsida av Jølstravatnet gjekk det eit ras som tok med seg personbilen til den omkomne mannen.