Hopp til innhold

Slik vart verdsmeisteren hylla i heimbygda

HYEN (NRK): Hundrevis av frammøtte hylla Jon Rolf Skamo Hope (19) med kake, flagg og stormande jubel onsdag. Hovudpersonen visste ingenting om markeringa.

Jon Rolf Skamo Hope fekk kakefest då han kom heim til Hyen

MYKJE FOLK: Gymsalen på Hyen skule var fylt til randa med folk som ville gratulera Jon Rolf Skamo Hope med årets sesong.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg hadde vore ute og trent, og så fekk eg beskjed om at nokon stod utanfor. Eg skjønte ingenting og vart skikkeleg overraska, seier Jon Rolf Skamo Hope til NRK.

I ettermiddag vart den 19-årige langrennsløparen hylla for sine prestasjonar gjennom vinteren, der han står att med to NM-gull for junior og junior-VM-gull på stafett.

Sterke resultat

Gymsalen på Hyen skule var full i folk, som fekk gje sine gratulasjonar og ta bilde med Skamo Hope. Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), Bjørn Rygg i Hyen idrettslag og Nils R. Sandal som er leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins stod på gjestelista.

Jon Rolf Skamo Hope saman med unge langrennsløparar i Hyen

FANS: Fleire av dei yngre langrennsløparane i Hyen stilte gladleg opp på bilde med Jon Rolf Skamo Hope.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er kjekt at bygda sett pris på det eg har gjort i vinter. Eg ante ikkje at dette skulle skje. Eg fekk berre beskjed om å ikkje vera for lenge ute på treningstur, seier han.

For då han vart køyrd i traktor ned til Hyen skule, var velkomstkomiteen klar i gymsalen. Kake med teksten «Gratulerer Jon Rolf» og rømmegraut stod på menyen.

Og hyllesta kjem som følgje av desse prestasjonane i vinter:

– Dette er ei flott markering av ein fantastisk ambassadør for idretten, seier leiar i idrettskrinsen, Nils R. Sandal.

Artikkelen fortsett under bildet.

Jon Rolf Skamo Hope si gratulasjonskake

KAKE: Denne kaka fekk Jon Rolf Skamo Hope servert i heimbygda.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Kjekt med fleire frå bygda

Ein annan som hadde møtt opp for å hylla Skamo Hope var tidlegare langrennsløpar Roger Aa Djupvik, som også er frå Hyen.

Jon Rolf Skamo Hope og Roger Aa Djupvik

IMPONERT: Tidlegare langrennsløpar, Roger Aa Djupvik (t.h.) har latt seg imponera av Jon Rolf Skamo Hope sine prestasjonar i vinter.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Djupvik har sjølv tatt to bronsemedaljar i junior-VM på stafett og har ein sjuandeplass som si beste plassering i verdscupen.

– Det er utruleg kjekt å sjå at det kjem fleire langrennsløparar frå bygda her. Jon Rolf har hatt ein fantastisk sesong og eg er veldig spent på framtida han, seier Djupvik.

– Det er motiverande for den vidare satsinga at så mange tok turen, seier Skamo Hope.