Hopp til innhold

Gloppar med då Norge tok stafettgull i junior-VM

Jon Rolf Skamo Hope (18) frå Hyen var med då Norge tok gull i junior-VM i ski i Park City i USA i dag.

skamo hope

TOK GULL: Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen var med då Norge tok gull i junior-VM: Her trenar han i løypene i Park City i USA.

Foto: privat

– Eg kjenner meg i veldig god form, kroppen har vore bra i det siste. Det sa Hope etter å ha gått inn til 17. plass på 20 kilometer med skibyte fredag. Ein distanse han fekk øydelagd av ski utan feste på klassiskdelen.

Hope vart sendt ut på den andre etappen, om lag sju sekund bak Tyskland og Frankrike som var i føringa.

Han brukte den først runden i 2,5 kilometerløypa på å hente tetgruppa og sette fart frå front umiddelbart ut på den siste runden før veksling og danna ein tet-trio saman med Frankrike og Russland.

Mot slutten av etappen fekk russaren luke ned til Skamo Hope, som sende ut lagkameraten som nummer to på den tredje etappen.

Avstanden opp til Russland var om lag fire sekund.

Avgjort i sluttspurten

Ei luke Harald Østberg Amundsen på tredje etappe brukte 200-meter på å tette.

På siste runde gjekk den norske ankermannen Thomas Helland Larsen i rygg på den russiske Vladislav Vechanov, og prøvde eit rykk i den siste bakken.

Det gjekk ikkje, så det var duka for spurtoppgjer. Russaren kom først inn på oppløpet, men Helland Larsen var sterkast og sikra norsk gull. I mål vart han gratulert av Jon Rolf Skamo Hope, samt dei to andre på laget, Harald Østberg Amundsen og Herman Martens Meyer.

Vi oppdaterer saka