NRK Meny
Normal

Skamo Hope hadde stålkontroll - tok sitt første NM-gull

– Dette gullet smakte ekstremt godt, gliser Hyen sin nybakte noregsmeister, Jon Rolf Skamo Hope.

Jon Rolf Skamo Hope - NM-gull junior.

JUBEL: Jon Rolf Skamo Hope kunne jubla over NM-gull i 19/20-årsklassa på 15 kilometer friteknikk under junior-NM i Harstad.

Foto: Beate Ingebrigtsen

Glopparen fekk full klaff på fredagens 15 kilometer friteknikk under junior-NM i Harstad, og gjekk inn til sin aller første NM-medalje.

I mål var Jon Rolf Skamo Hope 5,4 sekund raskare enn sølvmedaljevinnar Vebjørn Hegdal (Larvik Ski).

– Eg er strålande nøgd. Det er ei utruleg lette å kjenne at treningsopplegget fungerer, at kroppen responderer godt og at eg tek nye steg år for år, seier han til NRK.

Hadde full kontroll

Jon Rolf Skamo Hope

GULLSMAK: Tidlegare i vinter vart Jon Rolf Skamo Hope den første sidan Odd-Bjørn Hjelmeset i 1991 som sikra fylket gull i junior-VM. I dag vart det NM-gull. – Eg har eitt år att som eldre junior, så det var utruleg morosamt å få full klaff på det lengste løpet for sesongen, seier hyaren.

Foto: Privat

I konkurranse med eitt år eldre løparar, forstod Skamo Hope tidleg at gullmedaljen låg så godt som i lomma. Som siste startande kunne han gå på tidene til konkurrentane, og allereie etter ein kilometer var avstanden fem sekund til neste mann.

– Med løpet i morgon i bakhovudet, sparte eg litt på kreftene og kanskje vart litt defensiv. Då avstanden minka til seks sekund måtte eg opp att med tempoet, seier han.

– Det hadde vore litt dumt å mista sigeren på eige grep, men eg hadde god sekundering og gode ski, legg hyaren til.

Går for nytt gull

Neste utfordring i junior-NM er klassisk distanserenn laurdag, den stilarten Skamo Hope er sterkast i.

– Eg var kanskje best i friteknikk for nokre år sidan, men som junior har eg hevda meg best i klassisk. Då er det herleg å få til eit skikkeleg godt skøyteløp, og vise at eg er god i begge stilartar, seier løparen som tidlegare i vinter var på laget som tok gull på stafett under junior-VM i USA.

– Og kor høgt legg du lista for morgondagen?

– Eg går for pallen, og sjølvsagt førsteplassen. Det hadde vore moro å bli dobbelt noregsmeister.

Andre lokale utøvarar

Det har vore fleire løparar frå fylket på start i junior-NM. I klassen for 17 åringar vart Simon Hjelmeset Kirkeeide nummer ni på 10 kilometer friteknikk.

Blant 18-åringane var Andreas Hetle (Breimsbygda) lenge med i medaljekampen, men eit fall mot slutten viste han til sjuandeplass. Vetle Uhre Hammersvik (Førde) tok plassen rett bak.

Alle resultat finn du her (ekstern lenke).

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.