Hopp til innhold

Nordic Mining overraska over nei - men Giske trur på «ja» til Engebø

Beskjeden om eit førebels nei til gruvedrift i Engebøfjellet kom som ei overrasking på Nordic Mining-direktør, Ivar Fossum. Han meiner dette er i strid med mineralstrategien regjeringa la fram i dag.

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

OVERRASKA: Nordic Mining-direktøren har vente lenge på svar om gruvedrift i Engebøfjellet. Idag fekk han førebels nei av departementet.

Foto: Fotomontasje

– Dette kom overraskande på oss. No skal vi først setje oss nøye inn i brevet og så skal vi drøfte kva det betyr og kva vi skal gjere, seier direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til nrk.no.

Selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Mineralet blir mellom anna nytta som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og måling.

Idag kom svaret frå Miljøverndepartementet der dei førebels seier nei til planane om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Grunnen er at dei vil vite meir om konsekvensane for miljøet.

Nordic Mining har venta lenge på svar og departementet har brukt halvanna år på å handsame planane.

(Artikkelen held fram under video)

Miljøverndepartementet seier førebels nei til gruvedrift i Vevring i Naustdal.
Bygdefolket jublar medan kommuneleiinga fortvilar...

Vevring avgjørelse utsettes

Skapar hindringar

Fossum meiner dette berer preg av å skape hindringar for etableringa og seier dei har gjennomført den mest omfattande og breiaste konsekvensutgreiinga i denne industrien nokon gong.

– Vårt umiddelbare inntrykk er at vi synest brevet berer preg av å skape mest muleg hindringar for eit langsiktig, både økonomisk og miljømessig berekraftig industriprosjekt, seier ein skuffa Fossum.

Næringsfiendtleg

Fossum er forundra over at beskjeden kjem på ein dag der regjeringa legg fram ein offensiv strategi for denne næring.

– Dette gir eit veldig negativt signal og grensar til næringsfiendtleg i ein sektor som regjeringa sjølv ønskjer å la vekse, seier han.

Kva konsekvens dette får for prosjektet til Nordic Mining tykkjer han er for tidleg å svare på.

– Kor lenge vil de vente på ei endeleg avgjerd?

– Det er eit krevjande spørsmål å svare raskt på, så det får vi komme tilbake til, seier Fossum til nrk.no.

Giske trur på ja

I ei pressemelding frå Nærings- og handelsdepartementet uttalar Trond Giske følgjande om Nordic Minings prosjekt i Engebøfjellet:

Trond Giske

TRUR PÅ JA: Nærings- og handelsminister Trond Giske er optimistisk til gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Håkon Mosvold / Scanpix

– Engebø er eit stort og viktig mineralprosjekt som kan gi grunnlag for mange viktige distriktsarbeidsplassar og positiv næringsutvikling i Naustdal-regionen.

Giske seier også at det samstundes er viktig at avgjersler knytt til mineraluttak og deponeringsløysingar vert basert på eit godt fagleg grunnlag.

Miljøverndepartementet har bedt om at enkelte forhold må utgreiast nærmare før endeleg avgjerd.

– Eg er optimistisk på at desse undersøkingane vil gje eit miljømessig godt grunnlag for eit ja til sjødeponi, seier Giske.

Må lære av saka

Nærings- og handelsministeren meiner samstundes at dei bør ta lærdom av Engebø-saka.

– Det er viktig at alle relevante forhold identifiserast i ein tidleg fase slik at ein unngår unødig lange prosessar, seier han.

Han meiner at å vere føreseieleg og ha effektiv saksbehandling er sentral i den nye mineralstrategien.