Hopp til innhold

Lødemel vil ha gruvedrift i Vevring

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre vil ha gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

GRØNT LYS: Høgre sin Bjørn Lødemel meiner det no er på høg tid at det kjem ei avgjerd om gruvedrift i Engebøfjellet.

Foto: Oddleif Løset/NRK

For første gong flaggar Høgre-politikaren syn i saka. Seinast i september i fjor sa Lødemel til NRK at han ville ha meir informasjon før han tok standpunkt.

No seier Lødemel til avisa Firda at han går inn for å gje Nordic Mining eit mellombels løyve på 10 til 15 år, med kontinuerleg overvaking av fjorden. Med dette er han samd i forslaget frå Nærings- og handelsdepartementet som i sin høyringsuttale gjekk inn for eit mellombels løyve med full overvaking og deponering i fjorden opp til 220 meter.

– Eg synest dette er ei interessant tilnærming. Då kan ein bruke tida til å sjekke ut eventuelle skadeverknader og anna bruk av avgangsmassen, seier Lødemel til avisa.

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Planane inneber også eit sjødeponi i Førdefjorden, der overskotsmasse frå gruvedrifta vil bli dumpa i fjorden. Det er spesielt denne delen av planane som gjer gruvedrifta omstridd.

Gruvedrift kan gi ni kommunar ei samla skatteinntekt på 40 millionar kroner og kan på sikt gje regionen 300 nye arbeidsplassar.

Meiner selskapet må få eit svar straks

Miljøverndepartementet kan framleis ikkje gje noko svar på kor tid avgjerda om gruvedrift er klar. Dei har allereie brukt halvanna år på å ta stilling til planane.

Lødemel meiner alt no ligg til rette for ei avgjerd, og langar ut mot regjeringa som ikkje har fått dette på plass.

– Dette er svært alvorleg. Næringslivet kan tole både eit ja og eit nei, men ikkje ei slik utsetjing som det her ligg an til, seier Lødemel og ventar eit svar før påske, eller seinast til sommaren.

Seinast i desember sa direktøren i Nordic Mining, Ivar Fossum, at dei var byrja bli leie av å sitje på pinebenken med tanke på drift i Engebøfjellet.