Hopp til innhold

Veit ikkje kor tid avgjerda kjem

Miljøverndepartementet kan framleis ikkje seie kor tid avgjerda kring gruvedrift i Vevring er klar.

Steinbrotet i Engebøfjellet

FÅR IKKJE SVAR: Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet, men har venta i rundt halvanna år på svar frå Miljøverndepartementet.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring, men svaret på om dei får lov eller ikkje let vente seg.

Tidlegare denne veka gav fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, uttrykk for selskapet snart måtte få eit svar. I avisa Firda viste ho til at den raudgrøne regjeringa ønskjer å satse på mineralressursane i landet, og at Engebø har ein av dei rikaste rutilførekomstane i verda.

– Eit selskap som har engasjert seg, kan ikkje bli sitjande og vente i det uendelege. Då må dei satse ein annan stad, og for Sunnfjord er Engebø eit unikt høve til å skape arbeidsplassar, sa Følling til avisa.

Seinast i desember sa direktøren i Nordic Mining, Ivar Fossum, at dei var byrja bli leie av å sitje på pinebenken med tanke på drift i Engebøfjellet. Nye rapportar viser at gruvedrift vil gi over 300 arbeidsplassar i Sunnfjord.

Men departementet kan altså framleis ikkje gje noko svar på kor tid dei tek ei avgjerd i saka. Til NRK seier dei at det er mange moment som skal vurderast. Dei har allereie brukt rundt halvanna år på å ta stilling til planane om gruvedrift.

Gruvedrift vil innebere at det må dumpast store mengder gruveavfall i Førdefjorden, og for mange er det dette spørsmålet som gjer saka vanskeleg.