Hopp til innhold

Navarsete meiner ein må tole minussidene ved gruvedrift

Liv Signe Navarsete flaggar no enda tydelegare enn før at ho vil late Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Ho meiner ein må tole minussider for å sikre norsk mineralnæring.

Liv Signe Navarsete legg fram stortingsmelding i Jølster.

JA TIL RUTIL: Liv Signe Navarsete meiner at det bør kome gruvedrift i Naustdal.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Under årsmøtet i Sogn og Fjordane Senterparti sist helg, var Navarsete klar på ho fullt ut støttar fylkeslaget sitt fleirtalsyn i mineralstriden.

– Her i fylket har vi i Senterpartiet vore tydelege på at vi ønskjer å få til eit vedtak som opnar for at ein kan utvinna mineral i Engebø. Det har eg og sagt før, og det meiner eg er mulig å gjere. Men ein må ta miljøomsyn, vi kan ikkje øydeleggje for laksefjorden, seier Navarsete til NRK.

– Begge deler

Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av restmassane frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet. Sp-leiaren meiner at det let seg gjere å kombinere gruvedrift og miljøomsyn.

– Eg trur det muleg å gjere begge deler. Eg trur det går an å få til eit deponi med avgrensingar for kor mykje ein kan fylle, seier Navarsete.

Steinbrotet i Engebøfjellet

KONSEKVENSAR: Det er store mengder av mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Må tole minussider

Ei avgjersle om Engebø har lenge vore venta frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla neppe kjem før etter valet til hausten. Navarsete meiner uansett at skal ha ein ha ei levande mineralnæring i Norge, så må ein og tole nokre minussider.

– Det er klart at det er nokre minussider knytta til å ha eit fjorddeponi, men det er altså slik at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å ha nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom vi ikkje vil ha minussider, så blir det ingen mineralnæring i Norge.