Hopp til innhold

Seier nei til gruvedrift i Vevring

Miljøverndepartementet seier førebels nei til planane om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring. Dei vil vite meir om konsekvensane for miljøet.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring vil skape 300 arbeidsplassar på sikt.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Vi kan ikkje godkjenne reguleringsplanen og gje utsleppsløyve til eit sjødeponi og gruvedrift ved Førdefjorden, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Selskapet Nordic Mining har venta lenge på svar om dei får lov til å drive gruve i Engebøfjellet i Vevring i Sogn og Fjordane. Departementet har brukt halvanna år på å handsame planane og i dag kom altså svaret.

– Det er betydeleg kunnskapsmangel. Det er for stor uvisse om mogleg spreiing av massar. Difor seier vi til selskapet Nordic Mining og Naustdal kommune at dei må skaffe meir informasjon.

Når denne er på plass vil Miljøverndepartementet sjå på saka på ny lovar ministeren.

Høyr intervjuet med Bård Vegar Solhjell under.

Fagmiljøa ville vite meir

Selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Naustdal. Mineralet blir mellom anna nytta som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og måling.

Planane inneber eit sjødeponi i Førdefjorden. Her vil 250 millionar tonn overskotsmasse frå gruvedrifta bli deponert, noko som vil dekke om lag tre kvadratkilometer av fjordbotnen. Det utgjer fem prosent av arealet i Førdefjorden.

Det er spesielt denne delen av planane som har gjort gruvedrifta omstridd.

Store tunge fagmiljø som til dømes Klima- og forrureiningsdirektoratet (Klif), Direktoratet for Naturforvaltning og Havforskingsinstituttet har alle meint at det er for lite kunnskap til at ein kan gå inn for eit sjødeponi.

I mars i fjor sa direktør i Klif, Ellen Hambro, at dei ønskjer meir kunnskap om følgjene eit fjorddeponi kan få for livet i fjorden. Dei ønskte difor ei utsetjing på eit år, og ville ha ei gransking som følgjer straumane i fjorden over tid.

Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Mattilsynet gjekk i fjor saman og sa klart nei til å deponere gruveavfall i norske fjordar før ein veit meir om konsekvensane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Engebøfjellet

FJORDDEPONI: Spesielt planane om eit fjorddeponi har fått motstandarane til å protestere mot planane,

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Utolmodige på svar

Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, sa i desember til NRK.no at selskapet var byrja bli lei av å vente på ei avklaring om gruvedrift.

Det er fem år sidan utgreiinga av prosjektet starta, og halvanna år sidan Miljøverndepartementet fekk saka på sitt bord. Fossum bad i desember om at avgjerda måtte kome snart.

– Kombinert med uvissa, så har det vore krevjande, sa Fossum til NRK.no.

For ein knapp månad sidan bad også fylkesvaraordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane om fortgang i saka.

– Eit selskap som har engasjert seg, kan ikkje bli sitjande og vente i det uendelege. Då må dei satse ein annan stad, og for Sunnfjord er Engebø eit unikt høve til å skape arbeidsplassar, sa Følling til avisa Firda.

Over 300 arbeidsplassar

Eit viktig argument for dei som har ønskt gruvedrift velkommen er dei mange arbeidsplassane dette vil skape i området.

Ein rapport utarbeidd av SINTEF for Sunnfjord Næringsutvikling AS viser at Nordic Mining vil sysselsetje 170 personar i sjølve gruvedrifta. Vidare vil mineralindustrien skape 300 arbeidsplassar innan 2017.

Ifølgje rapporten vil gruvedrifta også vere svært lønsam, ni kommunar i området vil kunne gi samla skatteinntekter på 40 millionar kroner.

SINTEF reknar med folk vil strøyme til regionen etter kvart og gje ei auke i innflytting til området.

– Eg visste at dette var ei god næring, men ikkje så god. Både kjerneverksemda og underleverandørar vil få ei imponerande verdiskaping og inntening, sa Jan Støfring, dagleg leiar i Sunnfjord Næringsutvikling (SNU), til avisa Firda i januar.

Nordic Mining har også vist til korleis titanråstoffet rutil blir nytta til å lage hjartepumper, og at dette kan bli redninga for mange hjertepasientar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård Vegar Solhjell
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Har brukt tid på spørsmålet om habilitet

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) er sjølv frå Naustdal og har ope flagga at han er imot sjødeponi i ein nasjonal laksefjord.

Sidan Solhjell har sagt at hans parti skal vere garantist for ein rein fjor, varsla han etter at han tok over ministerposten at han ville gå habiliteten sin nøye vurdert.

Etter at denne vurderinga vart gjort var konklusjonen at Solhjell sjølv kunne halde fram.

– Eg har vurdert saka nøye og innhenta råd frå mellom anna Justisdepartementet si lovavdeling. Konklusjonen er at eg ikkje er inhabil, og eg vil difor handsame saka som statsråd, sa Solhjell i midten av juni i fjor.

Seier nei

Og i dag kom altså den førebelse avgjerda i saka. Miljøverndepartementet med minister Bård Vegar Solhjell vil vite meir om miljøkonsekvensane av gruvedrift i Engebøfjellet.

Det har no gått eit år sidan Klima og forrureiningsdirektoratet (Klif) sa det same, at ein ville vite meir. Solhjell seier dette om årsaka til at det har gått så lang tid før departementet har kome med svar.

– Den viktigaste grunnen er at vi bad Klif om å gjere ei vurdering om mogleg deponering til lands. Dette fordi hovudproblemet er sjødeponi, det å lagre massar og partiklar i fjorden.

– Tilbakemeldinga frå Klif var at det ikkje finst billegare og meir miljømessige alternativ, seier Solhjell til NRK.no.

– Difor har vi no teke den avgjerda at vi ikkje kan godkjenne, men at vi må ha meir kunnskap på plass.

Fare for spreiing

For Solhjell har omsynet til miljøet vore det viktigaste argumentet for å seie nei.

– Det ein er særleg uroa for er mogleg spreiing av dei ørsmå partiklane som skal lagrast i sjøen. Ein må hugse på at dette er ein nasjonal laksefjord, ein fjord med stor omsetnad i oppdrettsnæringa og det er mange menneske som bur ved den, seier ministeren til NRK.no.

Fleirtalet i kommunestyra i Naustdal og Askvoll har sagt ja til planane. At det er sterke krefter lokalt som vil ha gruvedrift i området er ministeren fullt klart over.

– Eg er sjølv frå Naustdal, og er godt kjend med at det er eit ønske om det. Men det har også vore ein ganske sterk motstand mot det lokalt.

– Eg er miljøvernministeren og må først og fremst passe på miljøet. Viss vi skal utvikle mineralnæringa, som har stort potensial, så må vi gjere det med ein god nok miljøstandard. Den har vi ikkje dokumentert i Førdefjorden. Difor får dei ikkje lov å lagre masse der.

Viktig næringsutvikling

At det no ser ut til at nærmiljøet går glipp av 300 arbeidsplassar forstår Solhjell at kan vere tungt å svelgje for mange.

– Det er klart det er eit viktig omsyn, og det er også ein av grunnane til at vi skal skaffe kunnskapen. Men vi skal sjå på saka etter at kunnskapen er på plass.

– Eg forstår at dette er viktig næringsutvikling lokalt som mange ønskjer, seier Solhjell.

– Har det hatt noko å seie at du sjølv er frå Naustdal?

– Det har gjort at eg kjente saka frå før. Eg har gjort ei streng miljøvurdering av saka, og det er veldig tunge miljøgrunnar ti å ikkje tillate lagring av massar no.

– Kor viktig er denne saka for SV?

– Først og fremst er dette ei viktig miljøsak. Eg har teke omsyn til dei som viser at vi ikkje har eit miljømessig grunnlag for å tillate lagring av massar og partiklar i Førdefjorden.

– Difor er dette eit viktig signal om at utviklinga av mineral og gruvenæringa skal ha ein høgast mogleg miljøstandard.

Vil sjå på saka på ny

Nordic Mining har vore utolmodige på å få svar i saka, og departementet til Solhjell har altså hatt saka på sitt bord i over eitt og eit halvt år.

– Eg er oppteken av at slike saker skal handsamast raskt, skikkeleg og godt. Men miljøomsyn må gå først og vi har ikkje tilstrekkeleg kunnskap til å seie ja til å lagre masse i fjorden.

Om eit vil departementet ta stilling til saka på ny. Håpet er at det då ligg føre betre kunnskap om følgjene.

– Det er veldig tunge miljøgrunnar til ikkje å tillate lagring av massar no. Alle våre fagetatar har frårådd oss å godkjenne dette, seier Solhjell.

Viktig signal

– Kva vil dette bety for liknande gruveprosjekt rundt om kring i landet?

– Eg vil seie at dette er eit viktig miljøsignal.

– Vi skal utvikle miljønæringa og gruvenæringa i Norge, men med ein høg miljøstandard. Vi kan ikkje tillate lagring av massar og partiklar i ein fjord når det er så stor uvisse om mogleg spreiing og konsekvensar for fiskeri og miljø lokalt.

Innbyggjarar i Vevring samla seg til spontan feiring etter at det vart klart at Miljøverndepartementet seier nei.