Hopp til innhold

– Vi kan ikkje la Nordic Mining vente lenger på avgjerda

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) ventar at regjeringa kjem med endeleg avklaring på kva som skjer med Nordic Mining sine gruveplanar i Engebø.

Jenny Følling

KREV SVAR: Fylkesvaraordførar Jenny Følling meiner regjeringa har brukt nok tid til å vurdere gruveplanane Nordic Mining har for Engebø. No krev ho svar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Følling er ein av mange som ventar på avklaringa på kva som skjer med gruveplanane i Naustdal.

Ifølgje Firda ser ho ingen grunn til å spekulere i at saka kan bli utsett til etter valet på grunn av dragkamp mellom Trond Giske (Ap) og Bård Vegar Solhjell (SV).

– Eit selskap som har engasjert seg, kan ikkje bli sitjande og vente i det uendelege. Då må dei satse ein annan stad, og for Sunnfjord er Engebø eit unikt høve til å skape arbeidsplassar, seier fylkesvaraordføraren til avisa.

– Alt har ei grense

Direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, har tidlegare sagt til NRK.no at dei er leie av å sitje på pinebenken med tanke på drift i Engebøfjellet. Nye rapportar viser at gruvedrift vil gi over 300 arbeidsplassar i Sunnfjord .

Regjeringa har brukt kring eitt og eit halvt år på å ta stilling til om verksemda får utvinne mineralet Rutil, og deponere gruveslam i Førdefjorden.

– Det har klart ei økonomisk side. Vi har investorar og aksjonærar som har stor tru på prosjektet og som er tålmodige, men alt har ei grense, sa Fossum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

VENTAR: Ivar S. Fossum og Nordic Mining ventar framleis på ei avklaring om Engebøfjellet.

Foto: Fotomontasje

Snarleg ja

No får Fossum støtte hos fylkesvaraordførar Følling. Ho viser til at den raud-grøne regjeringa ynskjer å satse på mineralressursane i landet, og at Engebø har ein av dei rikaste rutilførekomstane i verda. Samstundes ser Følling at spørsmålet om fjorddeponi er eit vanskeleg miljøspørsmål for SV.

Fylkesvaraordføraren meiner avgjerda ikkje bør trekkje ut i tid og vedgår at det lokalt vert jobba aktivt inn mot moderpartiet for å eit snarleg ja til Nordic Mining.

– Her sit nokon som skal investere og som skal planlegge. Dei har krav på ei avgjerd, seier ho.