Hopp til innhold

- Gruverapporten endrar ikkje noko

Ein ny rapport syner at eit gruveprosjekt i Engebøfjellet kan gi gode ringverknader. – Det endrar ingenting, seier leiaren i Naustdal Venstre.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

POSITIV SINTEF-RAPPORT: Eit gruveprosjekt i Engebøfjellet kan gi gode ringverknader, men leiaren i Naustdal Venstre er ikkje overbevist

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Sunnfjord Næringsutvikling tok i går imot ein rapport frå SINTEF om gruveprosjektet i Engebøfjellet i Naustdal.

Rapporten viser at ni kommunar kan få til saman 40 millionar i skatteinntekter kvart år og opp til 300 arbeidsplassar.

Men Øystein Djupvik, leiar i Naustdal Venstre lar seg ikkje imponere, sjølv om han tykkjer det er positivt med ein slik grundig rapport.

– Skal ein hoppe på det første toget som kjem, eller skal ein ha litt is i magen? spør Djupvik.

– Vi må sjå om det er andre prosjekt eller næringar som kan skape minst like stor vekst, utan at vi må ta dei store risikoane som eit fjorddeponi medfører, held han fram.

Må på bana med ny utgreiing

Det er tunge partar på kvar side i saka.

Motstandarane meiner eit fjorddeponi vil ha enorme konsekvensar for Førdefjorden, medan dei som støttar gruveplanane seier det er godt nok utreda at konsekvensane blir til å leve med.

Djupvik seier ein får ta med seg dei positive ringverknadene, men at Klima og Forureiningsdirektoratet (Klif) må kome med ei ny utgreiing om dei negative konsekvensane.

– Så må vi legge begge deler i vektskåla og kome fram til ei fornuftig avgjerd.