Hopp til innhold

Skjebnedag for ortopedien

Berre dagar før ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus vert avvikla møtest Sjukehusaksjonen og Helse Førde i retten. No håpar dei å snu saka på to dagar.

Nordfjord sjukehus

SKJEBNEDAGAR: Sjukehusaksjonen i Nordfjord møter måndag og tysdag Helse Førde i retten for å forsøke å stogge nedlegginga av ortopedien ved Nordfjord sjukehus.

Foto: NRK

Det er no berre halvanna veke til Helse Førde avviklar drifta av den ortopediske avdelinga ved sjukehuset i Eid.

Men sjukehusaksjonen har ikkje gitt opp håpet. Måndag og tysdag denne veka møtast partane i Bergen tingrett til munnlege forhandlingar.

– Dette er ei viktig sak for Sjukehusaksjonen, og ei sak som betyr mykje for mange i Nordfjord, seier advokat for Gerd Aaland Fagerli.

Meiner tilbodet blir uforsvarleg

Med regjeringa si velsigning har styret i Helse Førde vedteke å leggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Sjukehusaksjonen meiner ei slik nedlegging vil gje innbyggjarane i Nordfjord eit uforsvarleg tilbod, og vil no prøve vedtaket for domstolen.

Helse Førde har planar om å avvikle det ortopediske tilbodet ved lokalsjukehuset den 16. desember, og klokka tikkar no fort fram mot den datoen.

Saka mellom Helse Førde og Sjukehusaksjonen i Nordfjord skulle etter planen gå for retten i Fjordane tingrett i Førde. Men aksjonistane frykta dei ville bli urettferdig behandla, og fekk dommarane i Førde kjende ugilde.

Sjukehusaksjonen har også måtte vise at dei har pengar nok til å føre ei rettssak, og etter at tingretten i Bergen gjekk god for økonomien vart det avtalt forhandlingar 5. og 6. desember.

Vi er godt førebudde

Advokat for Sjukehusaksjonen i Nordfjord, Gerd Aaland Fagerli, seier dei i løpet av forhandlingane håpar å få stogga avviklinga som er planlagt om få dagar.

– Når det berre blir ein liten indremedisinsk post att ved sjukehus, meiner vi at minimumskrava som må vere til ein forsvarleg akuttberedskap ikkje er til stades, seier Aaland Fagerli til NRK.no.

Trond Hatland som representerer Helse Førde i retten seier helseføretaket er godt førebudde på å imøtegå argumentasjonen til Sjukehusaksjonen.

– Både vedtaket som Sjukehusaksjonen har synspunkt på, og dei føregåande vedtaka, er blitt fatta etter grundige prosessar, seier Hatland.