Hopp til innhold

Gir opp kampen om ortopedien

Nordfjordrådet gir opp kampen om å få behalde ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus.

Ottar Nygård

GIR OPP: Nordfjordrådet tek ikkje omkamp for å behalde ortopedien ved sjukehuset i Eid, seier leiar Ottar Nygård.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Etter at Helse Førde, meg regjeringa si velsigning, bestemte seg for å leggje ned ortopedien på sjukehuset i Eid har innbyggjarar og politikarar stått på barrikadane. Dei har ikkje ville gje slepp på tilbodet.

Men etter at ordførarane i Nordfjord fredag møtte helseministeren i Bergen, har dei no snudd.

Satsar heller på vidareutvikling

Selje-ordførar og leiar i Nordfjordrådet, Ottar Nygård seier til Fjordenes Tidende at ortopedien er vedteken nedlagd og at dei ikkje vil ta omkamp.

– Vedtaket er gjort i føretaksmøtet så det er ikkje hjelp i å føre nokon omkamp. Då er vi på feil banehalvdel og kjem ingen veg i utviklinga av sjukehuset, meiner Nygård.

I staden vil Nordfjordrådet no flytte fokuset over på utviklingsprosjektet ved sjukehuset. Regjeringa har lova 75 millionar kroner til eit såkalla lokalsjukehusprosjekt.

25 av desse skal gå til rus- og psykiatritilbodet ved sjukehuset, mellom anna oppstart av den til no ubrukte rusposten. Dei resterande 50 millionane skal gå til å skape ny aktivitet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Hansen

OPPRØRT: Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord er svært lite nøgd med at Nordfjordrådet gir opp kampen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Han har lurt veljarane

Leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, er rasande etter at Nordfjordrådet no seier dei ikkje vil ta nokon omkamp for ortopeditilbodet.

Hansen meiner Selje-ordførar Ottar Nygård har lurt veljarane. Nygård representerer Tverrfagleg liste i Selje, men Hansen meiner han er ein Ap-mann så god som nokon andre, skriv avisa.

– Kva var hans siste ord ved valet? Jo, han skulle kjempe for Nordfjord sjukehus og kva skjer no? Ved første baugen legg han seg heilt flat, seier Hansen rasande til Fjordenes Tidende.

Sjukehusaksjonen førebur eit søksmål mot Helse Førde for å tvinge dei til å oppretthalde ortopeditilbodet, og Hansen meiner den manglande støtta frå ordførarane i regionen er eit slag i ansiktet.