Hopp til innhold

Har ikkje pengar til rettssaka enno: – Men vi har pengar i ermet

Sjukehusaksjonen i Nordfjord har per i dag ikkje pengar til ei omfattande rettssak mot Helse Førde. – Men vi har sponsorar i ermet, seier aksjonsleiaren.

Svein Hansen

SØV GODT OM NATTA: Svein Hansen i sjukehusaksjonen i Nordfjord er sikker på at det kjem pengar som kan dekke rettsaka mot Helse Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Lokalsjukehusforkjemparane i Nordfjord har gått rettens veg for å stogge vedtaket om å leggje ned ortopeditilbodet ved sjukehuset i Eid.

Sjølv om dei førebels ikkje har nok pengar til ei omfattande og langvarig rettssak, er ikkje leiar Svein Hansen uroa.

– Eg er like sikker på det no som eg har vore heile tida, nemleg at pengane til å dekkje ei slik rettssak vil komme, seier Hansen.

Har pengar til første runde

Med regjeringa si velsigning har Helse Førde gått inn for å leggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. Det har ikkje sjukehusaksjonen i Nordfjord tenkt å godtak og dei går no rettens veg.

I første omgang skal tingretten ta stilling til om avviklinga skal leggjast på is. Denne første runden har sjukehusaksjonen pengar til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord sjukehus

KAMP: Lokalsjukehusforkjemparane går rettens veg for at ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus skal oppretthaldast.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Hansen: – Vi har pengar i ermet

Men dommarane kan setje vilkår om at aksjonen må gå til eit ordinært sivilt søksmål mot Helse Førde. Per i dag har ikkje sjukehusaksjonen pengar til å dekkje ei langvarig rettssak. Leiar Svein Hansen mister ikkje nattesøvnen av den grunn.

– Ei sak som vi ser for oss, vil nødvendigvis bli omfattande. Det eg kan seie med sikkerheit og som eg veit, er at vi har sponsorar i ermet. Så dette vil nok gå greitt, seier Hansen til NRK.no.

Billegare med rettssak i Bergen

Før helga bestemte Gulating lagmannsrett at rettssaka skal flyttast frå Fjordane tingrett fordi dommarane her er kjende inhabile. At saka no kjem opp i Bergen tingrett er gunstig, også økonomisk.

– Dette er i tråd med det vi bad om. Mellom anna av prosessøkonomiske grunnar fordi begge dei prosessfullmektige har kontor i Bergen, så det gjer jo at rettssaka blir billegare, seier advokat for sjukehusaksjonen, Gerd Aaland Fagerli.

Svein Hansen er sikker i trua på at pengane kjem på plass.

– Denne saka må finne si løysing i retten, og då får den koste kva den koste vil!