Hopp til innhold

Sjukehusaksjonen må vise pengar

Rettssaka mellom Sjukehusaksjonen i Nordfjord og Helse Førde vil gå for Bergen tingrett i byrjinga av desember. Dersom aksjonen har pengar til det.

Bergen tingrett krev å sjå dokumentasjon på at aksjonen har økonomi til å gjennomføre ei rettssak mot helseføretaket.

Aksjonistane går rettens veg for å få stogga nedlegginga av ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus.

– Dersom sjukehusaksjonen har partsevne, så skal det haldast munnlege forhandlingar 5. og 6. desember, seier tingrettsdommar Eva Macody Lund.

Må dokumentere saldo

Saka var etter planen datofesta til 21. og 22. november i Fjordane tingrett, men vart flytta til Bergen etter at tingrettsdommarane i Fjordane tingrett vart kjende ugilde i saka .

No ber Bergen tingrett aksjonen leggje fram dokumentasjon på den økonomiske situasjonen. Det vere både saldo og eventuelt ubetalte krav som dei skulle ha.

– Kravet til partsevne er ein absolutt føresetnad for i det heile å kunne reise søksmål. Når det er tale om organisasjonar, samanslutningar så er økonomi eitt av momenta som blir vurdert, seier Macody Lund.

Krev nedlegging stogga

Etter planen skulle ortopedien leggjast ned i løpet av tredje kvartal i 2012. Denne nedlegginga vart i sommar framskunda til utgangen av 2011 . Dermed hastar det for sjukehusaksjonen å få prøvd saka for retten.

Aksjonen krev at Helse Førde blir pålagde å stogge avviklinga av ortopediverksemda ved Nordfjord sjukehus. Anten til vedtaket blir omgjort eller til anna kirurgisk kompetanse er på plass ved sjukehuset.

Leiar i sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, viser til advokaten deira, Gerd Aaland Fagerli, på spørsmål om kommentar i saka. Aaland Fagerli har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.