Hopp til innhold

Skadd i paragliderulukke på Hoven i Loen

Ein mann i 30-åra blei frakta til sjukehus etter ei paraglider-ulukke ved Hoven i Loen laurdag kveld

Paragliderulukke ved Hoven i Stryn

HJELPEMANNSKAP: Alle naudetatene blei kalla ut etter at meldinga om ulukka kom.

Foto: Per Tore Sætre

Politiet fekk første melding om ulukka klokka 23:11 om at om at ein paraglider hadde krasja i området ved Loen Skylift i Stryn. Naudetatane inkludert eit redningshelikopter og ei redningsgruppe, blei sende til staden.

Personen blei lokalisert på om lag 900 meters høgde, og redningsmannskap fekk henta personen ut frå området ved hjelp av helikopteret.

– Vedkommande er bevisst, har truleg brotskadar og blir frakta til sjukehus med helikopter, opplyste Vest politidistrikt på Twitter like etter midnatt.

– Veret skifta raskt

Redningshelikopter på Hoven i Loen

REDNINGSAKSJON: Dette biletet er teke under berginga like før midnatt. Helikopteret er her i lufta over fjelltoppen.

Foto: Per Tore Sætre

Innsatsleiar Vidar Stavik seier til Fjordingen at dei som var på staden fortel om brå verforandring med skodde som kom fort.

– Han fekk oppdrift og flaug oppover, slik at han landa høgare oppe enn der han tok av, seier han.

Per Tore Sætre frå Ørsta var ved Lovik camping då ulukka skjedde. Han fortel at veret skifta veldig fort.

– Det var lyst og fint ver, men brått kom det eit skoddehav nedover Lodalen. Og då vi kikka ut fjorden, kom ei beksvart sky. Alt dette hadde kurs rett mot Hoven, og det kom veldig fort, seier han til NRK.

Brotskader i fot

Søndag morgon seier operasjonsleiar Terje Magnussen at mannen som er i 30-åra, blei frakta til Førde sentralsjukehus.

– Det skal vere snakka om brotskadar i ein fot. Politiet har oppretta sak og vil følgje opp ulukka, seier han.

Etter at gondolbana til Hoven (1011 m.o.h) opna for to år sidan, har fjelltoppen i Loen blitt ein populær stad for luftsport. I slutten av april omkom ei kvinne i 20-åra i ei speedgliderulukke frå dette fjellet.

Fredag kveld omkom ein basehoppar i 20-åra då han skulle lande etter eit hopp frå Marsåhyrna i Stryn. Ordførar Sven Flo i Stryn sa etter ulukka fredag at han ikkje ønska forbod eller restriksjonar mot luftsportsaktivitetar i kommunen sin.

Loen Skylift