Hopp til innhold

Ordføraren vil ikkje forby luftsport etter dødsulukka

STRYN (NRK): – Vi kan aldri gardere oss mot tragiske enkelthendingar som denne, men forbod og restriksjonar er ikkje vegen å gå.

Ordførar Sven Flo etter basehoppulukka ved Oppstrynsvatnet

SKEPTISK: Ordførar Sven Flo er skeptisk til eit forbod eller restriksjonar mot luftsportsaktivitetar i Stryn. Fredag omkom ein basehoppar i 20-åra etter eit hopp frå Marsåhyrna, fjellryggen til høgre bak Flo.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det seier ordførar Sven Flo (H) etter den andre fatale luftsportsulukka i Stryn kommune.

I slutten av april omkom ei kvinne i 20-åra i ei speedgliderulukke frå Hoven. Fredag kveld omkom ein basehoppar i 20-åra då han skulle lande etter eit hopp frå Marsåhyrna.

– Det er veldig vanskeleg og tragisk at det skjer ei ulukke av denne typen, der personar døyr, seier ordføraren.

Ynskjer ikkje forbod

Flo seier at området der ulukka skjedde fredag har vore attraktivt for basehopparar. Etter at gondolbana til Hoven opna for to år sidan, har fjelltoppen i Loen teke over mykje av trafikken.

Med over 7.000 registrerte hopp, er Hoven ein av dei mest populære stadane i landet for den omstridde luftsportsaktiviteten.

Flo ynskjer likevel ikkje forbod eller restriksjonar mot luftsportsaktivitetar i kommunen sin.

– Dette er per definisjon lovleg aktivitet, men vi veit og har ved fleire høve fått erfare at det er ein risikosport. Samstundes kjenner vi miljøet så godt at vi veit at utøvarane har veldig fokus på tryggleik, seier Flo.

Ynskte forbod i Aurland

Etter fleire dødsulukker i Aurland har ordførar Noralv Distad (H) vore blant dei som har undersøkt moglegheitene for å innføre forbod. Etter tre ulukker i 2013 retta kommunen spørsmålet til Justis- og beredskapsdepartementet .

– Det er veldig krevjande for heile kommunen. Det rører ved oss alle, sa Distad etter den sjette dødsulukka på fire år i 2017 .

I Stryn er Flo tydeleg på at forbod og restriksjonar er feil veg å gå.

– Vi ynskjer at det skal vere mogleg å hoppe frå ulike område i kommunen. Då trur eg løysinga er dialog og å finne gode løysingar saman med miljøet, framfor restriksjonar og forbod, seier han.

– Sjølv om det er tragisk når slike ulukker skjer, så veg det positive tyngre i høve til desse enkelthendingane, seier Flo.

Tykkjer det er trist

Even Flo

ØNSKJER IKKJE FORBOD: Even Flo i Stryn er ein erfaren luftsportsutøvar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Heller ikkje den erfarne luftsportsutøvaren Even Flo ønskjer restriksjonar.

– Eg trur ikkje det vil vere rett å gjere det. Sjølv om vi fekk ei tragisk ulukke igjen, er idretten er like trygg og like farleg. Vi tenkjer ikkje på at restriksjonar vil hjelpe på ulukkesbiletet.

Flo seier det er trist med to ulukker på så kort tid i Stryn.

– Trafikken her har auka noko veldig, og med auka trafikk får ein i større grad ulukker, dessverre. Innan luftsport er det ein risiko, og vi må sørgje for å hjelpe kvarandre med å ha ein god mentalitet og tenkje tryggleik heile tida.

Får oppfølging

Dei involverte i ulukka, to som var i følgjet til den omkomne og tre tilfeldige augevitne, får alle oppfølging av psykososialt kriseteam.

– Ein må setje inn ein del ressursar og passe på at dei råka blir tekne hand om. Det har vi også gjort i dette tilfellet, seier ordførar Sven Flo.

Etter ulukka ved Hoven for vel ein månad sidan, la politiet ned mellombels forbod mot luftsport. Forbodet vart oppheva etter tre veker. Ulukka skuldast truleg brukarfeil på utstyret.