Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra omkom i ulukke med speedglider

Kvinna styrta i døden etter at skjermen hennar kom borti kabelen på gondolbana i Loen.

Paraglidarulukke ved Hoven i Loen

ULUKKE: Redningsmannskap var raskt på plass då meldinga om ulukka kom. Kvinna vart funnen rett under gondolbana høgt oppe i fjellsida.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Den døde er ikkje formelt identifisert, men politiet har informasjon om at vedkomande er ei norsk kvinne i 20 åra. På bakgrunn av dette har vi starta varsling av pårørande, skriv politiet i ei pressemelding.

NRK får opplyst hos operasjonssetralen til Vest politidistrikt at den næraste familien no er varsla.

Kvinna vil verte send til obduksjon.

– Det vil ikkje bli gitt ytterlegare opplysningar om hendinga no. Politiet har oppretta sak på forholdet og den vidare etterforskinga vil verte utført av politiet i Nordfjord, skriv operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

– Dreiv med speedgliding

Til NRK seier innsatsleiar, politibetjent Kurt Hammerø, dette søndag kveld:

Det er to personar som har drive speedgliding frå toppen av Hoven, der den eine personen fekk problem med skjermen og gått inn i fjellveggen.

– Vitne seier til NRK at skjermen har hekta seg i kabelen på gondolbana?

– Det er litt for tidleg å seie noko om korleis dette skjedde, men vi kan stadfeste at vitne har forklart dette.

Speedglding er ei eiga grein i luftsporten. Ein speedglider kan minne om ein paraglider, men skjermen er ein god del mindre for at det skal vere mogeleg å fly fortare.

Skjermen hekta seg fast

Til Bergens Tidende opplyste hovudredningssentralen at dei har ei oppfatning av kva som har skjedd.

– Uifrå det vi har høyrt har vedkomande kome i kontakt med gondolen, og delar av utstyret har blitt hengande fast. Vedkomande skal så ha falle ned, seier Lars Røyne ved Hovedredningssentralen til avisa.

Dette samsvarar og med det eit augevitne til ulukka fortalde til NRK litt over klokka 16. Vedkomande stod då på toppen av Hoven og venta på å få ta bana ned att. Augevitnet kunne då fortelje at redningsmannskap var i ferd med å fire seg ned til den skadde personen frå ei vogn som hang rett over ulukkesstaden.

Augevitnet fortalde vidare at skjermen på speedglidaren hadde hekta seg fast i kabelen på gondolbana kort tid etter at vedkomande sprang ut frå den faste hopplassen like stasjonen på toppen av fjellet.

To helikopter kalla ut

Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.56 søndag ettermiddag. Dei sende då både redningshelikopter og luftambulanse til staden, i tillegg til både bilambulanse, brannvesen og eiga patrulje.

Ei alpin redningsgruppe frå Sunnmøre vart og sende til Loen. Kvinna vart raskt oppdaga i ulendt terreng høgt oppe i fjellsida, ikkje langt nedanfor den øvste masta på bana. Dermed kunne folk frå den alpine redningsgruppa fire seg ned og hente opp den skadde.

Augevitne: – Spesiell stemning

Augevitnet på toppen av Hoven fortel at trafikken med bana vart innstilt og at det stod mellom 30 og 40 personar toppen som må vente på å kome seg ned att. Det var elles fint ver og vindstille i området.

– Stemninga er spesiell, og spesielt for oss som såg sjølve ulukka, fortel vitnet til NRK litt før klokka 18 søndag kveld.

Vedkomande fortel at den skadde vart frakta opp til toppen og henta av luftambulansen der. Han fortel og at mannskapa køyrde ein tryggleikssjekk på bana før den tok opp att passasjertrafikken.

– Vi har god og fortløpande informasjon frå ein tilsett ved Hotel Alexandra om som kva skjer. Vi har og fått gratis kaffi og vaflar, fortel personen til NRK.

Jørn Hansen og Britt Lamheller

TRIST: Jørn Hansen og Britt Lamheller måtte vente i tre timar på toppen etter ulukka. Dei rosar redningsmannskapa.

Foto: Asgeir Reksnes Heimdal / NRK

Rosar redningsmannskapa

To andre som var toppen då ulukka skjedde var Jørn Hansen og Britt Lamheller frå Bergen. Dei såg ikkje sjølve ulukka, men fekk med seg redningsarbeidet.

Redningsarbeidet var heilt fantastisk. Helikoptera var raskt på plass og samarbeidet såg ut til å fungere godt, fortel dei.

Dei hadde nettopp ete lunsj og var på veg ned att då alarmen gjekk. Dermed måtte dei vente i tre timar på toppen før dei fekk kome ned att med bana.

– Politiet har sagt at dei som tek kontakt vil få oppfølging, men vi har takka nei, fortel Hansen og Lamheller.

– No skal vi gå oss ein tur for å strekke på beina, fortel Lamheller til NRK.

Populær plass for luftsport

Gondolbana går frå Loen og opp på fjellet Hoven, 1000 meter over havet. Fjellet er blitt ein populær stad for både paraglidarar, speedglidarar og basehopparar etter at gondolbana gjorde fjellet lett tilgjengeleg då den opna for snart to år sidan.

– Det er forferdeleg trist, seier Richard Grov om ulukka.

Han er direktør ved Hotel Alexandra i Loen og største eigar i Loen Skylift som driv bana.

– Vi har dialog med miljøet og gjer det vi kan for å sikre at det skal vere så trygt som råd å hoppe frå fjellet. Dette er ein lovleg aktivitet. Når det gjeld omstenda rundt ulukka må politiet svare for det, seier han.

Paragliderulukke ved Hoven Loen

ULUKKESSTADEN: Speedglidaren fall ned like nedanfor den øvste masta (raud ring). Restauranten ligg til venstre for masta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
fallskjermulukke loen