Hopp til innhold

Sjeføkonom: Vestlandet vil drive veksten i Norge framover

Vestlandet blir vinnaren i den nye økonomiske veksten som Norge vil oppleve framover. Det meiner sjeføkonom Jørgen Gudmundsson.

Betre tider i olja

VEKST: Det er no høgare aktivitet på sokkelen, og økonomar meiner oljekrisa er over.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vestlandet er i ferd med å kome seg etter nedturen i oljebransjen, og økonomar trur vekst i vest vil vere med på å drive fram økonomien, også i resten av landet.

– Dei økonomiske utsiktene på Vestlandet er betre enn på lenge, seier
Jørgen Gudmundsson, som er sjeføkonom i Sparebanken Vest.

Fire gonger i året kjem sparebanken Vest ut med det dei kallar Vestlandsindeksen, som skal vere ein temperaturmålar på næringslivet.

– I den siste for året er det tydeleg at det no går betre, seier Gudmundsson.

Aktivitet innan offshore

Hovudgrunnen til at det har snudd er at det går betre i den oljerelaterte delen av økonomien. Gudmundsson fortel at fallet i investeringar har stogga opp og at aktiviteten på sokkelen er i ferd med å ta seg opp.

Jørgen Gudmundsson

VEST: Sjeføkonom i Sparebanken Vest, Jørgen Gudmundsson, trur vekst i vest vil vere med å dra lasset for betre økonomi i heile Noreg.

Foto: Jan Henning Aase

Framleis er det langt frå den aktiviteten som var i toppåret, 2013. Men nedgangstidene for offshorebransjen har snudd. Samtidig har oljeprisen gått opp. Når det skjer vil vanlegvis kronekursen stige. Men det har ikkje skjedd no.

– Krona har faktisk svekka seg. Dette hjelp resten av økonomien som ikkje er knytt til oljenæringar, seier Gudmundsson.

Ei av næringane som vil nyte godt av låg kronekurs er turistnæringa. Gudmundsson og hans kollegaer har god tru på at veksten vil halde fram her. Han fortel at dei trur krona vil styrke seg, men at kronekursen ikkje vil stige så mykje som tidlegare spådd.

Meiner Vestlandet drar økonomien framover

Sjeføkonom Gudmundsson meiner drivkreftene i den økonomiske veksten her til lands er i ferd med å skifte frå aust til vest.

– Vi går frå ei periode der det offentlege i stor grad har halde veksten i gang. No trur vi det vil vere meir eksportretta næringar og oljeaktivitet som vil løfte økonomien, seier Gudmundsson.

Han dreg og fram bustadmarknaden som eit felt der det no er meir stabile prisar i vest, samtidig som det er prisnedgang i aust.

Vekst over heile linja

Kjersti Haugland, DNB

OPTIMISTISK: Sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland, trur på generell vekst gode tider for norsk økonomi i tida framover.

Foto: Stig B. Fiksdal

Sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland, er einig med Gudmundsson i at det ser lyst ut for framtida til norsk økonomi. Samtidig er ho ikkje heilt einig i at det vil vere Vestlandet som vil dra veksten åleine.

– Vi trur at økonomien vil vekse i vest, på same vis som vi trur det vil vere vekst i resten av landet, seier Haugland.

Ho fortel at det no er auke i både investeringar og forbruk over heile landet.

– Men det er klart at det no er eit tydeleg omslag på Vestlandet etter ei ganske vanskeleg periode, seier Haugland.