– Når ein sjåfør klipper av ei leidning til systemet som skal hindre at hjula får blokkering - og vi nærmar oss tida for vanskelege forhold på vegane, blir vi skremde og spør oss kvifor i all verda dei gjer dette, seier Thormod Gausdal.
Han er seksjonsleiar i Statens vegvesen i Region vest, der ein dei siste to døgna har gjennomført storkontroll av vogntog som skal over nokre av dei mest utsette fjellovergangane.
Totalt har dei kontrollert 595 vogntog på E16 i Lærdal, på riksveg 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell. Det enda med 23 politimeldingar og 54 bruksforbod.
– Det er høge tal. Vi har også fleire grove brot - både når det gjeld køyre- og kviletid og tekniske brot, seier Gausdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Hadde 35 tonn last - men ikkje bremser
På Håbakken i Lærdal avdekte kontrollørane mellom anna eit vogntog med sprokne bremseskiver. Det er noko dei oppdagar stadig oftare.
– Bremseskivene er utsette for store krefter, og når dei er sprokne kan dei ryke når som helst. Fleire av kontrollørane våre har opplevd at skivene går i oppløysing medan dei er inne til kontroll, seier Gausdal.
Han legg til:
– Då seier det seg sjølv at køyretøyet ikkje har bremser. Det kan bli kritiske situasjonar med alvorlege konsekvensar om dette skjer under køyring.
Det mest graverande tilfellet var eit skandinavisk vogntog, som ikkje hadde bremser på hengaren. Han hadde om lag 30-35 tonn last.
(Artikkelen held fram under videoen)
Sit att med eit positivt inntrykk etter kontrollane
Målet med kontrollane var å setje fokus på dekk og kjetting etter innføringa av krav om vinterdekk på alle styrande og drivande hjul. Frå årsskiftet kjem dessutan nye reglar om at alle hjul på eit vogntog skal ha vinterdekk.
Etter to døgn med intensive kontrollar sit Vegvesenet att med eit positivt inntrykk.
– Ja, det er positivt. Ikkje minst er det viktig for trafikktryggleiken, seier Gausdal.
– I tillegg synest det som om dei fleste har det talet kjettingar dei skal ha. Så det ser veldig bra ut, seier Gausdal.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: