Statens vegvesen fekk eit tips om at transporten var på veg, og kontrollørane var på plass i Rysjedalsvika i ytre Sogn då den tsjekkiske sjåføren manøvrerte doningen sin på land torsdag kveld, fortel stasjonssjef Tormod Gausdal.
– Det viste seg at transporten ikkje hadde dispensasjon. Vogntoget veg opp mot 90 tonn, medan det ikkje er lov med meir enn 50 tonn på den vegen.
Vogntoget er i tillegg for langt, nesten 24 meter, og breidden er 3,40 meter. Det frakta ein turbin som skulle til eit kraftanlegg i Lavikdalen. Resultatet vart eit stort gebyr - 158.000 kroner.
Gausdal seier at dette er det klart største gebyret dei har utferda i Sogn og Fjordane, og han har ikkje høyrt om noko større elles i landet heller.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- KLAR OVE RREGLANE: Stasjonssjef Tormod Gausdal seier transportøren godt visste om at transporten er ulovleg.
Foto: Anna Gyrti/NRKDispensasjon avslegen
Gausdal fortel at transportøren hadde søkt om dispensasjon, men den vart avslegen. Likevel køyrde vogntoget av garde.
– Dei er klar over reglane. Dei hadde søkt om dispensasjon, men den vart avslegen på grunn av den kombinasjonen det var søkt om.
No blir vogntoget ståande i Rysjedalsvika til gebyret er betalt. Og turbinen må dei syte for å få til Lavikdalen på ein annan måte. For det tsjekkiske vogntoget må returnere tomt ut av landet.
Saka er og meld til politiet.