Hopp til innhold

Set inn støtet for å bli kvitt farlege vogntog på vegane

Statens vegvesen får neste år 40 nye stillingar til å kontrollere tungtrafikken. To av dei skal vere knytte til kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal.

Trailerar stansa på Håbakken

FEM VART STÅANDE: Desse må vere på Håbakken til feila er utbetra og til gebyra er betalte.

Foto: Rune Fossum / NRK

Total får Region Vest seks av stillingane. Seksjonsleiar Tormod Gausdal er glad for at bemanninga blir styrka.

– Det er behov for dette. Vi har ansvaret for alle fjellovergangane mellom Austlandet og Vestlandet. Vi har folk ute til alle tider på døgnet, og det er tidvis stor belastning på dei, det er kveld, natt, helg og dagtid. Denne auken tek vi imot med stor takk, og vi skal bruke den der det trengst.

12 melde til politiet

Og den kontrollen dei har hatt siste døgnet stadfestar at det er viktig at dei er på plass for å stanse verstingane i trafikken. Det er stansa over 300 køyretøy på E16 i Lærdal, på Riksveg 7 over Hardangervidda og E134 over Haukelifjell.

I alt er 12 førarar melde til politiet, fortel Gausdal.

– Dei fleste av dei er melde for å prøve å stikke av frå kontrollen. Ein er meld for tilnærma manglande bremser, så er det nokre for brot på køyre- og kviletid, yrkessjåførbevis, og ein som har brukt trekkvogn med prøvekjennemerke utan lov.

Dei som prøver å stikke av frå kontrollar risikerer ei bot på rundt 8000 kroner.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tormod Gausdal

GLAD FOR AUKA BEMANNING: Seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kopla ut ABS-systemet

Medan NRK intervjuar Gausdal står det fem tyngre køyretøy på kontrollposten.

Den eine står fordi det ikkje er bremser på hengaren, ein står fordi bremseskivene har sprekt framme, og ein fordi han har klipt av leidningane til ABS-systemet, det vil seie det som hindrar hjula i å blokkere seg. Dei to andre står på grunn av reglane for køyre- og kviletid.

– Her er ein del graverande ting. Vi er harde, og dei blir ståande. Når folk klipper av leidningane til ABS-systemet er dei heilt bevisste på kva dei gjer. Og med det føret vi har no, har dei iallfall behov for å unngå blokkering på tilhengaren.

– Kva kan han vente seg av reaksjonar?

– Han får eit oppgjer med politiet, og han må reparere før han får reise vidare. Og han står her med last som skulle ha vore levert for to dagar sidan.

– Livsfarleg

– Han som ikkje har bremsar på tilhengaren, kva synest du om han?

– Det seier vel seg sjølv når du køyrer med 50 tonn totalt. Når du har ei trekkvogn som bremsar, og hengaren ikkje bremsar i det heile så vil det føre til at bilen saksar seg i ein kritisk situasjon.

– Så dette er i praksis livsfarleg?

– Ja, det er det.

(Artikkelen held fram under biletet).

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

FOR BETRE TRYGGLEIK: Kontrollstasjonen på Håbakken er viktig med tanke på å få luka ut dei farlegaste av dei tunge køyretøya.

Foto: Rune Fossum / NRK

Rosar politiet

Seksjonsleiar Tormod Gausdal er veldig godt nøgd med samarbeidet kontrollørane til Statens vegvesen har med politiet.

– Det fungerer veldig godt. Deira oppfylging av våre kontrollar er slik at vi kan handheve det vi står for. Det er klart at dei som blir stansa må gjere opp for seg før dei får køyre vidare. Samstundes får vi transportane av garde att der det er mogeleg.