– Kystverket har i stor grad styrka grunnlaget for ei realisering, seier samferdsleministeren.
I dagens møte, som fann stad på Åheim i Møre og Romsdal, var det hovudsakleg kystverket sin rapport etter prøveboringa ved stad, som var diskusjonstema. Tidlegare har samferdsleministeren bedt Kystverket redusere kostnadane for prosjektet, men no verka han svært nøgd med endringane som har vorte gjort.
Håpar på stortingsvedtak til hausten
– Eg opplever at Kystverket svarar godt på mange av bestillingane dei fekk frå oss i desember i fjor. Dei har klart å få ned kostnadane, som no ligg innanfor dei økonomiske rammene som er sett av i nasjonaltransporten, seier han.
Dale, som sjølv seier han har vore tilhengar av skipstunnelen lenge, meiner det no kan sjå ut til at det nærmar seg ei realisering av prosjektet.
– No har me fått gjort ein jobb som me held på å sluttstille i departementet, ved å gjennom siste del av rapporten frå kystverket. Eg håpar den sett oss i stand til å få avklart dei endelege kostnadsrammene for prosjektet i løpet av denne hausten. Dette føreset også eit stortingsvedtak, seier samferdsleministeren.
Håpar ministeren held ord
Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Humborstad var også til stades under fredagens møte. Ho seier ho er godt nøgd med det som kom fram.
– Det var eit godt møte. Samferdsleministeren sa jo at han har gått til val på å få dette prosjektet realisert, og det verka som at han ønskjer å få fortgang i prosjektet.
Sjølv håpar ho no på at samferdsleministeren held ord, og at regjeringa følgjer opp den nasjonale transportplanen som bygginga av Skipstunnelen er ein del av.
– Eg forventar at ord no vert heldt og at det kjem oppstartsmiddel på neste års stadsbudsjett samt ei investeringsvedtak i stortinget i løpet av hausten.
Ventar i spaning
Humborstad trur prosjektet no nærmar seg byggjestart.
– I den nasjonale transportplanen står det at byggjestart skal vere innan første stortingsperiode, og då må me ha det innan 2021.
Sjølv om ho er positiv, er ho framleis klar på at mykje kan skje fram til ein endeleg avgjerd har vorte tatt.
– Eg ventar i spaning på neste steg frå samferdsleministeren, seier prosjektleiaren.
Ynskjer ferdigstilling innan 2025
I rapporten til Kystverket er det mogleg å få skipstunnelen ferdigstilt til 2025. Samferdsleministeren ser også for seg at dette er realistisk.
– Eg har ambisjonar om at me i alle fall ikkje skal vere seinare ute enn det, seier han.