Kystverket: Stad skipstunnel kan vere klar i 2025

Kystverket melder at Stad skipstunnel kan byggast innanfor kostnadsrammene i Nasjonal transportplan (NTP).

Stad skipstunnel

KAN STÅ KLAR I 2025: Kostnad blir rundt 3 milliardar kroner.

Foto: KYSTVERKET/SNØHETTA

NETT NO melde saka først.

Ifølge rapporten frå Kystverket kan tunnelen takast i bruk i 2025. Det er Samferdsledepartementet som har bestilt rapporten.

Kystverket meiner det kan koste mindre å bygge Stad skipstunnel enn det som låg i forprosjektet. 2,9 milliardar kroner er kostnadsmålet, og byggestart er rekna til 2021.

Randi Humborstad

HAR TRUA: Den 21. utgreiinga av Stad skipstunnel gjer ikkje Randi Humborstad svekka i trua på at tunnelen blir realisert.

Foto: Øystein Torheim

Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Humborstad, er nøgd med det som kjem fram i rapporten.

– Dette betyr veldig mykje for realiseringa av prosjektet. Dette er ein gledas dag, seier ho.

Humborstad ventar at politikarane no tek grep for å setje i gang prosjektet.

– No ventar eg at Regjeringa vil kome med eit investeringsvedtak til Stortinget og løyve oppstartsmidlar i neste års statsbudsjett, seier ho.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) er samd i dette.

– No er det opp til rikspolitikarane å gjere dei nødvendige vedtaka i haust. Då kan Kystverket setje i gang planlegging og byggestart, seier han.

Jon Georg Dale

BESTILTE: – KS2 viste vesentleg høgare kostnad enn det som låg til grunn i NTP. Eg sette difor i gang eit arbeid for å få redusert kostnadane i prosjektet. Dette har no Kystverket levert, seier statsråd Jon Georg Dale (Frp).

Foto: Erik Waage

Det var samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) som sette i gang den 21. utgreiinga av Stad skipstunnel. Han vil førebels ikkje love noko som helst.

– Departementet vil med det same gå inn i denne rapporten, og deretter kome tilbake til vidare framdrift, seier han til NRK.

Han presiserer at skipstunnelen er eit viktig prosjekt som er prioritert i Nasjonal Transportplan, men då med ein vesentleg mindre kostnad enn det KS2 viste.

– Stad skipstunnel er eit spanande prosjekt som kan gi gode synergiar. Eg håper denne rapporten skal gi oss tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag til å halde oppe framdrifta i prosjektet, seier Dale.